Boka 4-åringen får er ein barnebibel med fine bilete. Den blir delt ut under gudstenesta søndag 29. september kl. 11. Då skal me ha familiegudsteneste der 4-åringane med familie er invitert.
Men før det har me lyst til å møte deg og bli litt betre kjent med deg. Derfor vil me invitere deg og ein vaksen til kyrkja laurdag 28. september kl.11. Denne formiddagen skal me sjå oss om i kyrkja, ha ein minisøndagsskule og kose oss med bollar og saft. Om du ikkje kan møte på laurdag er du like velkomen på søndag. Me gler oss til å treffe deg.
Me ynskjer påmelding på førehand, då me skal dele i grupper og servere bollar.
Hugs å melde frå om allergiar/intoleransar.
Alle er hjarteleg velkomne!