KONFIRMASJON ER FOR ALLE
Alle er velkomne til konfirmasjonstid i kyrkja – både du som trur, tviler, er usikker, ikkje trur, ikkje har tenkt på sånt før eller er nysgjerrig.
Alle menneske er ulike, og treng ulike tilpassingar. Uansett funksjonsevne har du rett til ei god konfirmanttid.
KONFIRMASJON OG DÅP
Er du ikkje døypt, og lurer på om du likevel kan bli konfirmert i kyrkja? Klart du kan, og du er heller ikkje aleine! Over tusen ungdomar vert døypt kvart år i forkant av konfirmasjonen.
KVA ER KONFIRMASJON?
Ordet konfirmasjon kan tyder både «å stadfeste» og «å gjere sterk».
Eit høgdepunkt i konfirmasjons gudstenesta er når vi ber ei bøn for deg. I bøna ber vi Gud om å velsigne deg og å styrkje deg på din veg vidare i livet. Det viktigaste med konfirmasjonstida er å vere ein del av eit fellesskap og bli betre kjent med den kristne trua. Konfirmasjonen er ei påminninga om at Gud i dåpen sa ja til å vere ein del av ditt liv.
INFORMASJONSMØTE ONSDAG 12.JUNI kl. 17.30 I FITJAR KYRKJE
Dette er for føresette og konfirmanten. Velkommen til alle som vil eller lure på om dei vil vere konfirmant i kyrkja!
PÅMELDING
Påmelding kan de gjera her.