Ved Kyrkjevalet 2015 skal ein velje sokneråd og
leke medlemmer til bispedømmerådet. Valet finn
stad 14. september 2015.
Hageberg skule, kl. 09.00 - 12.00 og 16.00 - 20.00
Osternes Bedehus, kl. 09.00 - 12.00 og 16.00 -
20.00
Fitjar Kultur og Idrettsbygg, kl. 09.00 - 20.00
Øvrebygda skule, kl. 09.00 - 20.00
Selevik skule, kl. 09.00 - 12.00 og 16.00 - 20.00
Røysteføre er alle døypte medlemmer av Den
norske kyrkja som er over 15 år, eller som fyller 15
år i 2015.
Førehandsrøysting
Det vil vere mogleg å førehandsrøyste i perioden
10. august–11. september 2015.
Kyrkjekontoret påFitjar råhus, kvar onsdag kl.
10.00 - 14.00 i perioden 12.8. - 9.9.
Fitjar kyrkje kl. 12.00 (etter gudstenesta)
sundag 16.8., 23.8. og 6.9.
Etter avtale med kyrkjeverja påtlf. 53 45 85 24 eller
e-post:
kyrkja@fitjar.kommune.no
Valkort
Alle som er oppførte i medlemsregisteret til Den
norske kyrkja og har røysterett, skal ha
motteke valkort frå kyrkjerådet. Den som er medlem
i Den norske kyrkja og ikkje har fått valkort, vert
beden om å ta kontakt med kyrkjekontoret (sjå
nedanfor) for å få retta opp opplysningane i Den
norske kyrkja sitt medlemsregister.
Medlemsregisteret er grunnlag for kyrkjeleg
manntal. Den som mottek valkort, men ikkje er
medlem i Den norske kyrkja, kan gå fram som
nemnd på valkortet for å bli sletta frå
medlemsregisteret.
Ein treng ikkje valkort for å få røysta. Kravet for å
røysta er at ein står oppført i manntalet.
Ettersyn av manntal
Kyrkjeleg manntal for Fitjar sokn er lagt ut for
ettersyn på kyrkjekontoret i Fitjar rådhus , og er
tilgjengeleg for ettersyn i kontoret si ordinære
opningstid i perioden 10. august til 11. september.
Tid for ettersyn kan og avtalast med kyrkjeverja. Det
er berre høve til å kontrollere opplysningane
som vedkjem ein sjølv, eller ein annan person som
ein har fått skriftleg fullmakt frå. Den som meiner at
ein sjølv eller nokon annan urett er blitt innført i eller
utelatt frå manntalet i soknet, kan krevje at valstyret
rettar opp feilen. Kravet skal vere skriftleg og
begrunna.
Meir info om kandidatane her:
https://kirken.no/nb-NO/om-
FITJAR SOKN
Telefon: 53 45 85 24
E-post: kyrkja@fitjar.kommune.no