Ny misjonsavtale
Misjon heima og ute er ein viktig del av kyrkja sitt arbeid. På søndag (17.sep) skal vi markere den nye misjonsavtala mellom Fitjar kyrkjelyd og Det Norske Misjonsselskapet. Kyrkjelyden støtter eit misjonsprosjekt i Mali i vest Afrika. Torstein Fosse frå NMS skal preike i gudstenesta, og han skal og fortelle litt om misjonsprosjektet kyrkjelyden støtter.