Vi er glade for å kunne dele at Åse Haugen byrjar som trusopplærar i Gulen sokn over nyttår. Ho bur på eit småbruk på Haveland og kjem til å arbeide i ei 25 % stilling hjå oss.
Åse har erfaring med arbeid med barn og unge og har allereie gjeve oss ein smakebit på sitt engasjement og forteljarglede. I vår var ho med då borna i barnehagen i Eivindvik fekk høyre om påska på ein levande og innhaldsrik måte i Gulen kyrkje.
Vi ser fram til å få Åse med på laget og ønskjer henne varmt velkommen til arbeidet i kyrkjelyden!