Kyrkjeleg undervisning og læring i Hareid (KUL)
Kyrkjeleg undervisning og læring (KUL) i Hareid har som overskrift ” Med rett til å verte sett og verdsett”. Vi tenkjer at alle har ein plass i fellesskapet, kvar med si tru og sin tanke. Kvar med sine evner og anlegg. Vi ynskjer å gå saman med borna og ungdomen på trusvegen med alt det inneber av utfordringar, gleder og oppgåver.



Kvart sokn i kyrkja i Norge skal ha ein plan med meir enn 300 undervisningstimar for born mellom 0-18 år. I Hareid har vi 24 ulike tiltak i trusopplæringa, minst eit tiltak pr. årskull.
Alle som er døypte, vil få personleg invitasjon i posten. Alle som vil kan sjølvsagt ta del.I tillegg til desse tiltaka har vi også tilbod om småbarnssong, barnekor for 5-8 år og barnekantori frå 3.klasse.