Planlegging av dåp

Her finn du nyttig informasjon i høve planlegging av dåp.

Planlegging av dåp

Etter at det er avtalt dåp i kyrkja (eller andre stadar som Kvitneset, Melshornet, Alskleiva, Melshornet eller bedehus i krinsane) tek presten eller ein annan tilsett i kyrkjelyden kontakt for å avtale dåpssamtale. Samtalen finn stad i kyrkja. Her går ein gjennom kva dåp er og praktisk informasjon knytta til gudstjenesta og dåpshandlinga.

Det er lurt å starte planlegginga i god tid, slik at dato for dåpsdag og eventuelt andre ting vert avklart.

BUR DU I ANNA KOMMUNE, MEN ØNSKJER Å DØYPE I HAREID?
Du kan sjølvsagt døype barnet i ein annan kommune enn der ein bur. Einaste skilnaden, er at ein må ha dåpssamtale i det soknet og kommunen som ein bur i. Her må dokke ta kontakt med kyrkjekontoret der ein bur, for å avtale dåpssamtale. Og så melder ein inn dåp i Hareid som vanleg. Vi tek årleg imot mange som ønskjer å kome til Hareid og døype her.

NAMN TIL DÅPSBARNET
Namnet på dåpsbarnet må meldast inn til Folkeregisteret av føresette i forkant av dåpen. Vi er avhengige av at Folkeregisteret har godteke namnet før vi kan utstede nokon dåpsattest, då det er Folkeregisteret som er 'fasiten' på kva som offentleg er rett namn.

FADRAR
Barnet skal ha minst to fadrar, og kan ha inntil seks. Å vere fadder handlar om å vise omsorg for barnet og bidra i barnet si trusoplæring. Fadrane må ha fylt 15 år, eller fyller 15 år dette året, og vere medlem av Den norske kyrkja, eller eit anna kyrkjesamfunn som ikkje forkastar barnedåp.

SPØRSMÅL?
Er det noko de ynskjer å spørje presten om? Tenk igjennom dette før dåpssamtalen. Døme: Ynskjer de ein spesiell salme, eller vil nokon i familien lese dåpstekstar frå Bibelen? 

PROSESJON I KYRKJA
Når det er gudsteneste med dåp i Hareid kyrkje, er dåpsforeldre og -barn/-søsken vanlegvis ein del av den prosesjonen som går inn i kyrkja i starten av gudstenesta. Foreldra tek så plass på dei stolane som er reservert for den enkelte dåpsfamilie framme i kyrkja.

Sjølve dåpen kjem ganske tidleg i gudstenesta. Det er greitt at ein tek av barnet eventuell dåpshue før ein ber barnet fram til døypefonten.

Ved dåpshandlinga nyttar ein berre fornamnet til barnet (ikkje mellomnamn eller slektsnamn), men det fulle namnet vert teke med i informasjonen i gudstjenesta.

Medan barnet vert døypt, vert eit dåpslys tent og ei kvit dåpsdue blir hengt opp i greina for å symbolisere dåpen. Dette lyset vert overlevert til ein av fadderane, for så å stå og brenne framme i kyrkja under resten av gudstenesta. Familien får dåpsattest, dåpslys og dåpskluten med seg heim etter dåpen. Lystet kan ein tenne som ei fin markering på dåpsdagen i åra framover og mange tenn det også i høve konfirmasjonen.

DÅPSLITURGIEN:
Her følger dei liturgiske ledda i sjølve dåpshandlinga: sjå kirken.no og lenka til dåpen.
https://kyrkja.no/nn-NO/daap/dapsliturgien/

GUDSTENESTER MED DÅP I HAREID VIDARE I 2024:

02. juni
09. juni (Holesanden)
23. juni

07. juli (Ishavsskuta Aarvak i Brandal)
21. juli

04. august
18. august

01. september
08. september
22. september
29. september (Bigset bedehus)

06. oktober
20. oktober

03. nobember
10. november
24. november

1. desember
25. desember

Dersom nokon av dei oppsette datoane ikkje passar, er vi fleksible og kan prøve å tilrettelegge dåp på andre datoar om mogleg. Her må vi òg ta hensyn til tilgjenglege ressurar. Ta eventuelt kontakt med kyrkjekontoret.

Dåpssamtale:
Alle må ta del på dåpssamtale før ein kan døypast. Dette er ei samtale som handlar om kyrkja, dåpen og den som skal døypast. Dåpssamtalen blir halden i Hareid kyrkje kl 17-18 med jamne mellomrom, saman med andre dåpsfamiliar som skal døype i den nærliggande tida. 
Dåpssamtale skal vere i det soknet som ein bu i, sjølv om dåpen skjer i eit anna sokn.  

DÅPSSAMTALER VIDARE I 2024:

Torsdag 6. juni kl 17-18
Torsdag 4. juli kl. 17-18
Torsdag 18. juli kl. 17-18
Torsdag 22. august kl. 17-18
Torsdag 12. september kl. 17-18
Torsdag 3. oktober kl. 17-18
Torsdag 24. oktober kl. 17-18
Torsdag 14. november kl. 17-18
Torsdag 5. desember kl. 17-18

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"