Dei fleste ønskjer å ta avskjed med den avdøde gjennom ein seremoni. I dei fleste tilfeller er gravferdsseremonien i regi av Den norske kyrkja, men også andre trus- og livssynssamfunn tilbyr bistand ved gravferd (livssynsnøytralt rom, til dømes kapell).
Ritualer og seremonier i tros- og livssynssamfunn - Regjeringen
Tid og stad
Gravferdsbyrå (eller pårørande) går i dialog med kyrkjekontoret for å avtale tidspunkt for gravferd (kistenedsetting) eller bisetting (kremasjon). Gravferdstidene for Hareid og Ulstein er tysdagar og fredagar kl 10:30 og 13:00.
Planlegging av kyrkjeleg gravferd
Når tidspunktet for gravferda er fastsett står kyrkje, prest, organist og kyrkjetenar til hjelp for dei pårørande. Organisten kan bistå i val av musikk og solo-songar, og kyrkjevergen hjelper til med å finne eigna gravstad. Presten tek kontakt med pårørande og avtaler ein samtale. Presten sitt møte med dei nærmaste skal vere ei planlegging av gravferda, hjelp i sorgprosessen, og å lytte til fortellinga om den avdøde sitt liv. Pårørande skriv eit minneord om dei store linjene i avdøde sitt liv, som pårørande eller presten les i gravferda. Forutan å bestemme salmar og solosong, kan pårørande sette sitt personlege preg på gravferda ved å bidra med skriftlesingar og andre symbolhandlingar. Det er høve for slekt og vener å ha korte minnetalar eller kransepåleggingar som vi kallar det i seremonien.
Gravferd er eit høve til å minnast den avdøde sitt liv og sjå dette livet i lys av Guds nåde. Difor utgjer seremonien ein rekke handlingar som til saman skal hjelpe oss å minnast avdøde og søke trøst og håp. Difor syng vi ilag, vi les ord om kjærleik og håp frå Bibelen, og vi takkar for og overgir den dødes liv til Gud og ber om trøyst og framtidsvon. Så følger vi våre døde til sin siste kvilestad.
Minnesamvær etter gravferda kan vere eit godt høve til å vere ilag i sorga og dele minner og historier. Alle som sender kondulanser og blome- helsingane får pårørande orientering om innan seremonien, og dei vert samla i ei bok. Det er også vanleg med minnegåve i form av å gje pengar til gode formål framfor blomar til gravferda.
Born og deltaking
Deltaking er godt for vandringa i sorga sitt landskap. Det er viktig å inkludere born på ein god og konkret måte i sorgarbeidet i ein familie. Born bør ikkje skånast for fakta og ein bør unngå å bruka metaforar som «gått bort» og «sovna inn». Å teikne teikningar eller legge roser på kista kan vere gode symbolhandlingar. Det er anbefala at born også får sjå den døde dersom det er mogleg, og alle born er velkomne i gravferd. Når vaksne gret er det viktig å fortelle born at ein gret fordi ein er lei seg for at avdøde er død, dette fordi born har lett for å tenke at det er deira skuld at vaksne er lei seg.
Minning
Ein søndag i månaden vert dei som er gravlagde siste månaden minna ved at namnet vert lese opp. Nærmaste pårørande får ein invitasjon til å delta her, og det er fint om andre pårørande vert informerte om dette. På Helgemesse vert namna på alle som er døde sidan sist helgemesse lese opp og minna. Det er viktig å kome tilbake til kyrkjeromet etter ei gravferd, og dette er fint for mange.
Kransar
Kransane vert lagt på gravstaden etter at jorda er lagt på. Pårørande fjernar sjølv kransane når dei vil, men er dei ikkje fjerna innan tre veker etter gravferda (kan variere noko ut frå årstid), vil kyrkjegardspersonale fjerne dei.
Fredningstid og festetid
Fredningstid for graver er 20 år.
Festetida i Hareid er 5 år.
Gravferdsloven
§ 16 Fri grav og feste av grav
"En fri grav kan ikke belegges med festeavgift i fredningstiden, jfr. gravferdsloven §§ 6 første ledd og 19 siste ledd. Ved gravlegging av askeurne i dette tidsrom, regnes ny fri gravperiode fra siste gravlegging. Den som er ansvarlig for fri grav skal gis anledning til å feste graven ved fredningstidens utløp"
§ 17 Feste av gravsted
"Kistegraver kan festes sammen som ett gravsted. Feste av gravsted kan bare skje i forbindelse med dødsfall. Den graven som tas i bruk FØRST i et gravsted, er fri grav i fredningstiden."
§ 18 Gravlegging i to nivåer
"Kister kan gravlegges i to nivåer i samme grav når festeren eller den som skal vere ansvarlig for fri grav ønsker det og forholdene på gravplassen er lagt til rette for det. Den underste kisten skal ved gravlegging gis minst 1,5 meter jordoverdekking.
Det kan ikke kreves festeavgift i den frie gravperioden. Tas det øverste nivået i bruk i løpet av den frie gravperioden, regnes ny fri gravperiode fra siste gravlegging."
Dersom ein ynskjer å ha ein gravferdsseremoni i kyrkja er det gratis for medlemmar av Den norske kyrkja busett i Hareid kommune. Andre må betale etter faste satsar for dei tenestene dei ynskjer utført. Alle seremoniar i Hareid kyrkje skal skje etter Den norske kyrkja sin liturgi i samarbeid med tenestegjerande prest.
Viss det ikkje skal vere gravferd i Den norske kyrkje si ordning, kan seremoni skje frå eit livssynsnøytralt lokale som kommunen er ansvarleg for å ha tilgjengeleg - eksempelvis kapellet på sjukeheimen.
Dersom ein i samband med seremonien ynskjer at organisten skal spele til forskjellige solist-innslag tilkommer avgifter for dette etter faste satsar.
Følg lenken for å lese om gangen i ei kyrkjeleg gravferd:
http://kirken.no/nb-NO/gravferd/gravferd-i-kirken/gangen-i-seremonien/
Om gravferd og bisetting i Hareid
Vi skal tilrettelegge for verdig gravlegging for alle innbyggjarar i Hareid kommune. Gravferdsloven understreker at gravlegging skal skje med respekt for avdødes livssyn. Dette betyr at alle har krav på ei likeverdig behandling uavhengig av trus- eller livssynsamfunn ein tilhøyrer.