Vil du bli fast givar for kyrkjelydshuset?
Kyrkjelydshuset i Hareid var ein draum som vart virkelig 31.10.2019! For givarane var det ei gåve å få gi det frå seg og for oss ei gåve å få!
Huset kan brukast i mange ulike høve, for små og store grupper, for unge og gamle. Det har i alle år vore mykje brukt til festar, korkafear, selskap, møter, mm. No tenkjer vi at det kan fortsette i same spor, men også vere ein møteplass for nye tiltak og nye grupper inn i framtida.
Det er ingen hemmeligheit at det kostar å drifte hus, særskilt store, gamle hus. Kyrkjelydshuset er både stort og gamalt. Det vil vere økonomi i å få isolert heile huset, men krevjande å få til.
Vil du vere med å bere draumen vidare?
Du kan bli fast givar til huset med eit valfritt beløp.
Gir du meir enn kr. 500,- pr år, har du rett til skattefrådrag (då må du sende oss ditt fødsels og personnummer).
Fast inntekt gir oss betre driftsgrunnlag og større moglegheiter for utvikling. Vi håper mange ser verdien av huset og vil vere med som faste gjevarar.
Sjå vedlagt brosjyre nedanfor, eller ta kontakt med kyrkjekontoret viss du har spørsmål. Bli med på laget!
Bli fast givar! Avtal eit fast beløp med din bank som du vil gi til drift av kyrkjelydshuset ("fast overføring", ikkje avtalegiro). |
Kontonr. kyrkjelydshus: 4213.40.93611
Vippsnr. kyrkjelydshus: 525936
Telefon: 70095130
Epost: kyrkjekontoret@hareid.kommune.no