Huset har 2 etasjer med fleire rom i kvar.
1. etasje:
har stor gang, toalett, kjøken og ein liten møtesal.
Møtesalen kan dekkast til fest med småbord, langbord, grupper og vil rome ca.70 personar dersom ein brukar bord. Ein kan også velje vekk borda og sette stolar i rader.
Kjøkenet er renovert i 2019 med nytt kjølerom, koketopp, steikeomn, mikrobølgeomn, fryseskap, stor kaffitraktar, oppvaskmaskin. Her det også servise så ein kan dekke til 100 for middag og 150 for kaffi.
Toalett med stellemuligheiter for baby, samt to avlukke.
2.etasje:
har stor møtesal med tilstøytande liten sal med foldedør (ny lydtett foldedør mellom salane er på plass sommaren 2022). Scene med kortrapper, nytt Steinway flygel, og eit mindre eldre flygel. Salane tilsaman i 2. etg. har kapasitet til 250 mennesker utan bord. Med langbord kan ein dekke til ca.170 og med småbord kan ein dekke til ca.120.
TEKNISK UTSTYR 2. etg.: Storesalen har nytt teknisk lyd og bildeanlegg, mikrofoner, videocanon og takfestet lerret. PA-anlegget er eit lydanlegg til formidling av musikk eller tale til ei større forsamling. På scena står eit nytt Steinway flygel, og i sidesalen 2. etg. eit mindre eldre flygel.
Salen har også ny lysskjerming for alle vinduene. Førebels fungerer ikkje teleslynga, i høve dei som har høyreapparat.
I 2. etg. er der også eit lite møterom med hjørnesofa, eit lite bord og nokre enkeltstolar.
Det er heis mellom etasjene.
Ein kan leige alt eller deler av bygget til ulike formål.
PS: Grunna coronasituasjonen som oppsto i mars 2020, må FHI sine smittevernhensyn haldast. Difor vil kapasiteten bli begrensa i høve dei gjeldane reglane for smittevern.