Representantar for dei Ukrainske flyktningane på Hareid vil den 24.02 organisere ei markering av 2-årsdagen for Russland sin fullskala invasjon av Ukraina. Markeringa startar på biblioteket kl 1700, der det vert kort appell v/ordførar, talar, presentasjonar og kulturinnslag.
Etterpå (kl 1800) vert det fakkeltog til opa Hareid kyrkje, der ein kan tenne lys, be, kjenne på fellesskap og ro. Diakoniutvalet til Hareid sokn er tilstades i kyrkja.
Det er viktig å hugse at det pågår krig og konfliktar også i andre delar av verda. Kirkemøtet (øvste organ i Den norske kyrkja) oppfordrar innstendig norske myndigheiter til å oppretthalde den humanitære støtta til andre deler av verda, samtidig som ein støttar Ukraina.
Uttalelse fra Kirkemøtet i Den norske kirke