Årsmøte 18. mars - 22.000 har gått over kyrkjedørstokken i Hareid

ÅRSMØTE FOR HAREID SOKN - 18. mars 2018: Etter gudstenesta, der både 6- og 12-åringane tek del, er det årsmøte for Hareid sokn på Hareid bedehus. Her får dykk høve til å kjøpe middag, kaffi og kaker. Det blir presentasjon av årsmeldinga samt eiga sak om mogleg kyrkjelydshus i Hareid. Vel møtt til ei hyggeleg stund!

22.000 over kyrkjedørstokken - ikkje enkeltpersonar, men kvar gong ein person har besøkt kyrkja: Konfirmantane er nokon av dei som har vore aktiv i kyrkja vår gjennom 2017. Dei har hatt undervisning i 9 månader, her ser vi fjordårets konfirmant-kull saman med sokneprest Leidulv Ø. Grimstad og kyrkjelydspedagog Barbro Landmark.

22.000 over kyrkjedørstokken i 2017
Mange av aktivitetane til Hareid sokn skjer i kyrkja, som er i bruk nesten kvar einaste dag gjennom heile året. I 2017 var det om lag 22 000 som gjekk over kyrkjedørstokken, noko som i gjennomsnitt utgjer om lag 1800 kvar månad. Talet er ikkje enkeltpersonar, men kvar gong ein person har besøkt kyrkja i høve arrangement. Dette fortel at arbeidet i kyrkja femner vidt.

Årsmøte og dialog med kyrkjelyden
Ordninga med årsmøte/kyrkjelydsmøte har eksistert heilt sidan 1873, altså godt over eit halvt hundreår før vi fekk sokneråd. Føremålet er at ein samla kyrkjelyd, gjennom eit allmøte skal kunne uttale seg om viktige saker.

Kvart år, dei siste åra i mars månad, har det vore årsmøte i Hareid sokn. Hovudsak på møtet har vore soknerådets årsmelding og rekneskap for førre år, som vert presentert for årsmøtet til orientering.

Her finn dykk årsmelding 2017 for Hareid sokn, side 2 inneheld årsmøtesaker:
https://kyrkja.no/globalassets/fellesrad/hareid/dokumenter/arsmote/arsmelding-hareid-sokn-2017.pdf

Alle er hjarteleg velkomne!

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"