Mange kjenner på uroa i Europa og i Israel og Palestina. I fastetida vil Hareid kyrkje ha samlingar i kyrkja kvar onsdags kveld kl 19.30 i tillegg til gudsteneste søndagar kl 11.00. I dette høve kan ein tenne lys i globen og be ei bøn for fred.
Mange erfarer at det er viktig og godt å finne saman i ein uroleg verden. Å dele både engasjement og bekymringar, og å be til Gud om rettferd og fred. Krig i Europa og i Midtøsten og klimakrise kan gjere oss urolege. Kyrkja er der for alle oss som ei stabil hamn i urolege tider. Der kan vi finne saman og be om fred.
PROGRAM:
Onsdag 14. feb. kl.19.30 Oskeonsdagsgudsteneste
v/Lars Hartig-Tangedal, Ida Teige, Eileen H Brandal
Onsdag 21.feb. kl.19.30 Tekstlesing fra Bibelen
ved Oddvar Haugen og Lindis Eliassen. Song av Ingrid Nerhoel
Onsdag 28.feb. kl.19:30 Salmekveld
med Hjørungavåg brass og kyrkjemusikalsk utval
Onsdag 06.mars kl.19.30 Temakveld med Lars HartigTangedal
Grimstadkoret deltek med song
Onsdag 13.mars kl.19.30 Solidaritetsgudsteneste med konfirmantar
v/Lars Hartig -Tangedal, Ida Teige, Barbro Landmark. Jetmund Liaset-Rætta syng.
Onsdag 20.mars kl.19.30 Påskevandring for ungdom/vaksne
v/Barbro Landmark, Ida Teige. Ingmar Mork, Vibeke Holstad, Sissel Anita Riise og Hege Holstad tek også del.
Gudstenester kvar søndag kl.11.00
Søndag 3. mars vert på Hjørungavåg bedehus, Hjørungavåg skulekorps og barnekantoriet blir med.
OM FASTE
I tidlegare tider vart bodet om å faste – det vil seie å avstå frå mat og drikke – teke bokstaveleg. Heilt fram til 1800-talet fylgde mange fastetradisjonar her i landet. I vår tid er fastetida helst ei tid for stillheit og meditasjon, som førebuing til påskehøgtida
Sjå kvarandre
Biskop emeritus Per Arne Dahl har i ei refleksjon rundt fastetida fokusert på at vi flyttar merksemda frå oss sjølve til kvarandre. At ikkje faste primært handlar om at vi som har det brukbart skal få det endå betre, men at vi meir enn før evnar å møte kvarandre si sårbarheit og smertelege livssituasjon. Livskvalitet handlar ikkje om å vere seg sjølve nok, men om å vere noko for andre.
Sjå den såra Gud
Vi er alle sårbare og vert merka av livet. Difor treng vi å dele det med nokon; "Del sorgi halv. Del gleda dobbel" som det heiter i eit ordtak frå Telemark. Slik blir faste óg å rette blikket mot påskens mysterium: Gud er ein Gud med sårmerker – som vedkjenner seg oss i vår skrøpelegheit.
Sjå skaparverket
Fastetida er óg å feste blikket på den sårbare kloden vår. Vi veit vi djupast sett ikkje har noko val om vi vil overleve. Verda har ikkje ressursar nok for grådigheita vår, men nok til å dekke alle sine behov om vi deler. 'Måtehald til livets pris', taler biskop Dahl om. Eit 'nei' kan slik bli eit 'ja' – mindre kan bli meir. Har vi råd til å gå glipp av dette? God faste!