No er tida for å be. Ikkje vent til i morgon, men be no, i dag. Ver med på den viktige tenesta.
Kven ber vi for?
Saman kan vi be for kvarandre, for borna våre, for dei som ikkje kjenner Jesus, for dei som har det vondt, for institusjonane, for meir kjærleik, for at sanninga skal sette oss fri.
Vi legger gudstenesta, trusopplæringa, Hareid og omegn, landet vårt og verda i Gud sine hender. For Gud har gjort det tindrande klart i sitt ord. Han ønsker eit samarbeid med oss og seier at vi skal få, eller det skal skje, det vi ber om når det er etter hans vilje.
Derfor møtast vi i fellesskap til bøn klokka 10 kvar søndag det er gudsteneste i Hareid kyrkje. Det vert lagt opp til at ein kan be i det stille eller at ein kan be høgt om ein vil det.
Vi held til på kyrkjekontoret og alle er velkomne til å vere med.
Matt. 18, 19-20:
“Dersom to av dykk her på jorda blir samde om å be om noko, kva det enn er, skal dei få det av Far min i himmelen. For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt iblant dei.”
Kyrkjekontoret ligg på Rådhusplassen 6, bygninga ovanfor rådhuset,
i 1. etg. i same bygg som NAV har kontor. Det er skilt på døra vår.