Dei som er født i Hareid kommune, der ein av foreldra er medlem av kyrkja, får automatisk invitasjon til dåp. Men alle som ynskjer dåp kan bli døypt, ta kontakt med kyrkjekontoret. Dåp kan også meldast direkte på vår heimeside:
https://hareid.medarbeideren.no/
Når eit barn vert boren til dåp vert vi minna om at ingen kan bere seg sjølv. Gjennom dåpen vert vi ein del av kyrkja, eit fellesskap som strekker seg over heile verda - og gjennom alle tider. Det er ei markering der bornet har alle sine viktigaste støttespelarar rundt seg, og der Gud lovar å følge bornet alle dagar.
DÅP = MEDLEMSKAP I DEN NORSKE KYRKJE
Dåp i Hareid sokn er ope for alle, uansett alder. Da Hareid sokn er del av Den norske kyrkje og er del av den Lutherske tradisjonen så døyper vi born oftast kort tid etter dei er fødd. Dette blir då gjort i ein gudsteneste. Viss ein ikkje er døypt og ønskjer å bli døypt som ungdom eller vaksen er ein hjarteleg velkommen til det. Vi døyper ungdommar, konfirmantar og vaksne. Dåp av ungdommar og vaksne kan gjerast i dei ordinære gudstenestene, men det kan og gjerast i anna form utanfor gudstenesta.
Er ein medlem av eit trussamfunn innan ei anna religion, og ønskjer å konvertere og bli døypt i den kristne kyrkje så er det og høve for det hos oss. Ta da kontakt med sokneprest for å avtale samtale og organisering av dåp.
NYTTIGE TIPS TIL PLANLEGGING AV DÅP: Les her
Gudstenester med dåp i Hareid kyrkje 2018: 21.oktober 28.oktober 04.november 11.november 02.desember 25.desember |
|
Å VERE FADDER:
Fadderansvaret handlar om å vise omsorg for barnet og bidra i barnet si trusopplæring. Det er foreldra til barnet som spør nokon om å vere fadder, det er ei tillitserklæring å bli spurt.
Fadrane skal vere vitne om at barnet er døypt med ein kristen dåp. Dei lover også å be for barnet og lære barnet å be. Dessutan skal fadrane hjelpe barnet til å verte kjende med bibelforteljingane og oppmuntre dei til å gå til nattverd.
Kvart barn som vert døypt, skal ha minst to fadrar. Fadrane må ha fylt 15 år og vere medlem av Den norske kyrkje, eller eit anna kyrkjesamfunn som ikkje forkastar barnedåp. Foreldra kan ikkje vere fadrar. Fadrane vert ført inn i kyrkjeboka.
Minst to av fadrane må vere til stades ved dåpshandlinga.
Å vere fadder fører ikkje til sivilrettsleg plikt, som til dømes å skulle overta omsorgsansvar for barnet viss foreldra døyr.
- - -
For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. (Evangeliet etter Johannes, kap. 3, vers 16)