Dåpsduer i kyrkja vår

Vi har lang tradisjon for å døype barn i Noreg. I Hareid ynskjer vi å synleggjere dåpen med å henge opp ei due i kyrkjeromet for kvar dåp. Dua er symbolet på Den Heilage Ande, som er sentral i dåpen. Gjennom året vil du sjå dei kvite duene i kyrkjeromet der dei heng på ei stor trollhasselgrein, fleire og fleire etterkvart som nokon blir døypt.

I Hareid ynskjer vi å synleggjere dåpen med å henge opp ei due for kvart dåpsbarn. Duene er laga av Kirkens bymisjon, lett keramikk og vil bli tekne vare på frå år til år.

Velkomen til dåp
Vi har lang tradisjon for å døype barn i Noreg. Dåpen er ei høgtidleg handling, barnet vert bore fram, vert døypt, og er midtpunktet for alle. Det vert knytt eit nettverk rundt barnet, fadrane tar på seg ansvar for å følgje opp barnet og lære det om den kristne tru. Kyrkjelyden tek imot eit nytt medlem, og barnet blir ein del av Den norske kyrkja. Dåpen er ei samling rundt barnet, med familie, vener og dei ein har kjær – der ein feirar det nye familiemedlemet.
I Hareid ynskjer vi å synleggjere dåpen med å henge opp ei due for kvart dåpsbarn. Dua er symbolet på Den Heilage Ande(DHA) og nettopp DHA er sentral i dåpen. Gåva som vert gitt til kvar enkelt, lovnaden om at DHA vil vere med oss og lære oss om rett og gale. Hjelpe oss til å vekse i trua på Han som er verdas Frelsar. Duene er laga av Kirkens bymisjon, lett keramikk og vil bli tekne vare på frå år til år. I 2018 hadde vi 31 døypte i Hareid. Hittil i år har vi hatt 5 dåp.

På nettsida kan du lese om aktuelle datoar for dåp i Hareid (https://kyrkja.no/nn-NO/fellesrad/hareid-sokn/dap1/?amp;epslanguage=nn-NO) og korleis du går fram for å melde inn ein dåp. Alle døypte vil få invitasjon til minst eit tiltak i året i trusopplæringa. Dette kan du også lese meir om på nettsida: https://kyrkja.no/nn-NO/fellesrad/hareid-sokn/trusopplaring/

Ingen aldersgrense
Det er også viktig å poengtere at dåp har inga aldersgrense. Nokre foreldre kan meine at dette skal barnet velje sjølv, og kan då sjølvsagt ta del i trusopplæringa og kome fram til sin eigen konklusjon og la seg døype etterkvart. For å bli konfirmert må ein vere døypt.
Velkomen til dåp!

Kirkens bymisjon
Duene blir laga av Kirkens bymisjon sitt aktivitets, -kunst om arbeidstilbod "SPENN", av mennesker som har ei psykisk liding og/eller rusrelatert utfordring som ikkje finn sin plass i det ordinære arbeidslivet.
På "SPENN" lagar dei flotte produkter av keramikk og resirkulert glas, men det viktigaste er at dei skaper ein arbeidsplass der ein opplev tryggheit, tillit og der mestring står i sentrum.
Spenn@bymisjon.no

"Eg treng å fylle dagane mine, slik at tankane ikkje blir så tunge" (Meryam)

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"