Ved soknerådsvalet i år var det 18,3 % (590 personar) som røysta og som med dette var med på å velje følgande sokneråd for dei 4 komande åra 2019-2023:
Ant. stemmer | Kandidat namn | Sokneråd |
781 | ANN HELEN GRIMSTAD WORREN, BREKKANE, 6060 HAREID (1971) | 1 |
764 | BÅRD GRIMSTAD, HAREIDSVEGEN, 6060 HAREID (1967) | 2 |
694 | MARIT JOHANNE ØIEN SÆVERUD, REINA, 6060 HAREID (1957) | 3 |
691 | STEIN BERNHARD KARSTENSEN, BAUTEVEGEN, 6063 HJØRUNGAVÅG (1954) | 4 |
667 | HANNA ELISABETH LANGNES MOLDSKRED, HOLANE, 6060 HAREID (1975) | 5 |
662 | SISSEL SELJEBOTN, PILSKOGVEGEN, 6063 HJØRUNGAVÅG (1961) | 6 |
650 | ØYVIND GRIMSTAD, GAMLE BRANDALSVEGEN, 6060 HAREID (1970) | 7 |
649 | KRISTOFFER INDREEIDE GRIMSTAD, DRAMMENSVEGEN, 6060 HAREID (1993) | 8 |
638 | KJERSTI RØYSET TOPPHOL, HAREIDSVEGEN, 6060 HAREID (1959) | 1. vara |
636 | GEORG FABIAN STORDAL, GEILEVEGEN, 6060 HAREID (1962) | 2. vara |
626 | LAILA KRISTIN BJÅSTAD, GEILEHAGEN, 6060 HAREID (1980) | 3. vara |
625 | JAHN KJELL FJØRTOFT, MELSHORNVEGEN, 6060 HAREID (1959) | 4. vara |
607 | MARIT NORA PETTERSEN, TEIGEN, 6060 HAREID (1970) | 5. vara |
Soknerådet skal konstituere seg sjølv (velje leiar og nestleiar) 12. november 2019. Hareid sokn
Alle som er medlem i Den norske kyrkja og som fyller 15 år i valåret, kan stemme ved kyrkjevalet.
Av totalt 3228 personar med stemmerett i Hareid var det 20,9 % (676 personar) som røysta ved kyrkjevalet (både soknerådsvalet og bispedømevalet tilsaman). Prosentvis fordeling på krinsane var for Hjørungavåg 24,6%, Bigset 21,3 %, Hareid 16,1 % og Brandal 15,9 %. 8 av dei som stemte var under 18 år.
2,3 % (75 personar) hadde førehandsrøysta enten på kyrkjekontoret, på Hadartun eller i høve gudsteneste.
Stemmesetlane til bispedømmet blir sendt vidare til bispekontoret i Molde for oppteljing der.
Det norske samfunn er i store endringar. På det religiøse området betyr dette større mangfald, auka friheit og mange valmoglegheiter. Midt i dette endringsbiletet ønskjer vi som kyrkje å vere, som landets største trussamfunn, aktiv til stades i folk sine liv og kvardagar.
Soknerådet har mange ulike oppgåver (ref. kyrkjelova §9) og gjer endeleg vedtak. Dei er mellom anna med på å utvikle kyrkja og er med i arbeidet for å vekkje og nære kristeleg liv i soknet, og er med å tek ansvar for at kyrkjeleg undervisning, kyrkjemusikk og diakoni innarbeidast og utviklast.
Vi ønskjer velkomen til det nye soknerådet i Hareid, som altso trer i kraft 1. november 2019!