Til hausten er det kyrkjeval, samtidig med kommune- og fylkestingval. I år er det første gong ein kan førehandsrøyste digitalt under kyrkjevalet til Den norske kyrkja. Dette kan gjerast frå 10. august og fram til 6. september (digitalt) og til 8. september (fysisk). Alle som er medlem i den norske kyrkja, og er fødd i 2008 (15 år) eller før, har stemmerett.
Digital førehandsrøysting gjer ein på heimesida til kyrkjevalet.no, ved å logge inn med BankID eller anna elektronisk id, både for det lokale soknerådsvalet og valet til bispedømeråd og Kirkemøtet. Hugs at det er hemmeleg val, så finn deg ein egna stad før du stemmer.
Lokalt sokneråd Hareid
Hareid kyrkje ønskjer å vere ei folkekyrkje som er til stade for bebuarane i kommunen, både til kvardag og fest, i sorg og i glede. Ved å legge til rette våre ulike aktivitetar og kyrkjelege handlingar midt i alt som er, kan vi tilpasse oss der vi ser at det kan vere nødvendig. Slik må vi følgje med i samfunnsutviklinga for å vere ei truverdig kyrkje. Dette får ein vere med på som medlem i soknerådet og får også samhandle ilag med ein stab som har lang erfaring i sitt arbeid.
Valstyret/soknerådet har vedtatt følgande listeforslag for lokalt sokneråd på Hareid:
1. Karsten Robert Kirkebø (1975), Hareid, 2. Sissel Anita Riise (1969), Hareid, 3. Leidulv Hareide (1953), Hareid, 4. Sissel Bakkely Knardal (1975), Hareid, 5. Stein Karstensen (1954), Hjørugavåg, 6. Marit Øien Sæverud (1957), Hareid , 7. Anne-Liv Holstad (2000), Hareid, 8. Elling Bjåstad (1973), Bigset, 9. Aud Helen Øvrelid (1995), Hjørungavåg, 10. Vibeke Rafteseth (1981), Bigset, 11. Marita Husøy Mork (1976), Hareid, 12. Elisabet Øvrelid (1970), Hjørungavåg, 13. Kristin Leirbekk Husøy (1992), Bigset, 14. Birte Mork (1996), Hjørungavåg, 15. Peter Teigene (1998), Hareid, 16. Trude Håkonsholm Lunaas (1989), Hareid (første gong publiert 21.03.2023).
Førehandsrøysting, lokasjonar og tidspunkt:
Kyrkjekontoret: 10.08. – 06.09. Tysdag-fredag kl 1000-1500
Hareid kyrkje, etter gudstenesta søndag 03.09. kl 1230-1330
Hadartun sjukeheim, etter andakta: Onsdag 06.09. kl 12.00-14.00
Digital førehandsrøysting:
I år er det for første gong mogleg å førehandsrøyste digitalt under kyrkjevalet. Dette kan gjerast i perioden 10.08.-06.09.2023, på heimesida til kyrkjevalet.no
Slik kan du førehandsrøyste digitalt:
Digital forhåndsstemming i Kirkevalget - Den norske kirke (kirken.no)
Kyrkjeval måndag 11. september 2023
Kyrkjevalet er same dag som kommune- og fylkestingsvalet.
Hareid: Hareid kyrkjekontor kl 09.00-21.00
Bigset: Bigset skule kl 13.00-19.00
Brandal: Brandal Friskule kl 13.00-19.00
Hjørungavåg: Hjørungavåg skule kl 13.00-19.00