Ta gjerne kontakt med oss på kyrkjekontoret, viss du vil ha drop-in-dåp, har spørsmål eller anna. Vi hjelper deg gjerne.
Telefon 700 95130
Epost: kyrkjekontoret@hareid.kommune.no
Drop-in-dåp i Hareid kyrkje 1. juni 2023
Å bli døypt i ein drop-in-dåp er heilt enkelt og like stort som å bli døypt i ein vanleg gudsteneste. Når det er drop-in-dåp brukar vi ei heilt enkel ramme for seremonien. Dåpen har ingen aldersgrense! Dersom du, eller nokon i di nære familie, vurderer dåp, så ta gjerne kontakt med oss på kyrkjekontoret eller drop-in i kyrkja torsdag 1. juni kl. 18. Enkelt og greit. Velkomen til drop-in-dåp!