Alle ynskjer at der skal vere velstelt og ryddig, slik at det er godt å kome dit. No nærmar det seg i tillegg konfirmasjonar og 17.mai, og då er det ekstra kjekt at kvistar og gammalt lauv er fjerna, og kyrkjegarden er gjort klar for sommaren.
Vel møtt laurdag 22. april frå kl. 9:00 og utover for å gjere ein dugnadsinnsats. Ta gjerne med hanskar, rive og trillebåre.