Fastetida 2022 - Hareid kyrkje

Tre dagar etter fastelavnssøndag kjem oskeonsdag, den fyrste dagen i fastetida. Hareid kyrkje inviterer til samlingar kvar onsdag kveld i fastetida, i tillegg til vanlige gudstenester. Innhaldet er variert, og vi vonar her er noko for ein kvar smak.

Faste - ei tid for stillheit.

PROGRAM:

Onsdag 02. mars kl. 19:30 Oskeonsdagsgudsteneste:

Soknepresten, Vox Virorum og misjonsforening.

Onsdag 09. mars kl. 19.30 «Fastetekstar og salmar»:
Øystein Orten, Ingrid Nerhoel med fleire.

Onsdag 16. mars kl. 19.30 «Fastetankar og bli kjent med kapellanen»:
Andrea Sæverud i samtale med kapellan Mirjam Igland Håland

Onsdag 23. mars kl. 19.30 Salmekveld m/kveldstankar:
Med Trine T Eidsvik, Ole Martin Øyehol, Anna J Jønsson Havåg, Vibeke Holstad, Ingmar Mork. Kveldstankar v/Stein Karstensen.

Onsdag 30. mars kl. 19.30 Solidaritetsgudsteneste med konfirmantar:
v/Lars Hartig-Tangedal, Hareid Ten-Sing, Oline Bigset.

Onsdag 06. april kl. 19.30 Påskevandring for ungdom/vaksne:
v/Barbro Landmark, Ida Teige, Sissel Anita Riise med fleire.

Gudstenester kvar søndag kl. 11.00
Søndag 06. mars vert på Hjørungavåg bedehus, der Hjørungavåg skulekorps og barnekantoriet blir med.


OM FASTE
I tidlegare tider vart bodet om å faste – det vil seie å avstå frå mat og drikke – teke bokstaveleg. Heilt fram til 1800-talet fylgde mange fastetradisjonar her i landet. I vår tid er fastetida helst ei tid for stillheit og
meditasjon, som førebuing til påskehøgtida

Sjå kvarandre
Biskop emeritus Per Arne Dahl har i ei refleksjon rundt fastetida fokusert på at vi flyttar merksemda frå oss sjølve til kvarandre. At ikkje faste primært handlar om at vi som har det brukbart skal få det endå betre, men at vi meir enn før evnar å møte kvarandre si sårbarheit og smertelege livssituasjon. Livskvalitet handlar ikkje om å vere seg sjølve nok, men om å vere noko for andre.

Sjå den såra Gud
Vi er alle sårbare og vert merka av livet. Difor treng vi å dele det med nokon; "Del sorgi halv. Del gleda dobbel" som det heiter i eit ordtak frå Telemark. Slik blir faste óg å rette blikket mot påskens mysterium: Gud er ein Gud med sårmerker – som vedkjenner seg oss i vår skrøpelegheit.

Sjå skaparverket
Fastetida er óg å feste blikket på den sårbare kloden vår. Vi veit vi djupast sett ikkje har noko val om vi vil overleve. Verda har ikkje ressursar nok for grådigheita vår, men nok til å dekke alle sine behov om vi deler. 'Måtehald til livets pris', taler biskop Dahl om. Eit 'nei' kan slik bli eit 'ja' – mindre kan bli meir. Har vi råd til å gå glipp av dette?

God faste!

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"