40 dagar til ettertanke, fastetid. Vi huskar kanskje historia om Noah som bygde den store båten på oppdrag frå Gud. Han tok med seg i båten dei Gud gav beskjed om, og seilasen tok til. Det regna i 40 dagar og 40 netter, og storflaumen tok liv. Regnbogen var det første Noah såg på himmelen då han kunne opne luka og kike ut for å sjå om sola hadde kika fram.
Vi tenner eit nytt lys i regnbogestaken kvar søndag i fastetida, medan vi ventar på påska, ventar på Han som gav sitt liv for oss alle.
Faste har som advent, den lilla fargen, tenke og ventetid.
Fasteprogrammet i kyrkja er eit tilbod til alle om å vere med å skape gode fellesskap i denne tida. Kanskje kan desse kveldane vere noko foreninga eller gruppa di kan oppleve saman? Kanskje kan dette vere tida der du inviterer med deg nokon som elles ikkje går til kyrkje?
Vi håper at det varierte programmet har noko for einkvar smak.
Vel møtt!