Det skal vere ein staseleg fest med både song og musikk og ei god matykt med tid til å prate ilag.
Sparebanken Møre er støttespelarar og sikrar at vi kan servere gode kaker og smørbrød! Dei begrunnar si støtte som følgjer: "Vi ynskjer å verdsetje gode idéar og prosjekt som er med på å gjere lokalmiljøet vårt til ein attraktiv stad å bu og leve. Dette synes vi Hareid sokn bidreg til".
Dette vil glede og kjem mange tilgode. Vi takkar Sparebanken Møre for støtta også i år!
I programmet er desse med:
Gunn Berit Gjerde tek oss med inn i Mathias Orheim sitt liv og virke
Sissel Anita Rise og Trude Børjesson Sødal syng for oss og det gjer Barnekantoriet også.
Sokneprest Lars Hartig -Tangedal gir oss gode ord for kvelden og natta.
Allsongen vert leia av Ida Teige og programmet leia av Sissel Anita Rise.
Alle velkomne!