Sentralen hadde 25-årsjubileum i 2017, og aktivitetane er bygd opp etter fleire års erfaring. Her kan nevnes: Strikking med Saniteten, Strikk & håndarbeid på sentralen, Kvinneforening, eldretreff, assistanse på nattverdgustenester, besøksteneste på Hadartun, varesal på Hadartun, Brukt & Billig butikken, bibliotekdager, åremålsbesøk, natteravn, hørselshjelp, internasjonal kulturfest på Hareid bedehus, dialog med FAU-ungdomsskulen, seniornett, datakurs, arrangerer innsamling av leiker, klede etc til asylanter, DIS-gruppe/slektsgranskingskurs, årleg utdeling av frivilligpris, konserter/forestillinger på Hadartun omsorgssenter, laurdagskafe med Ulstein og Hareid Lions, leksehjelp på biblioteket, språkpraksis, arbeidsutprøving, Leve-samling (samtalegruppe), radiobingo og utleige av møtelokale.
Møteplassen er og ein viktig stad for samtalar, spørsmål og praktisk hjelp av ulikt slag. Antall frivillige som gjorde ein innsats i 2017 ligg på om lag 95 personer, noko som tilsaman utgjorde om lag 8.000 frivillige arbeidstimer. "Dette arbeidet står det respekt av og vi er svært takksame for innsatsen som dei frivillige bidreg med", fortel Heidi P. Kvaldvik, som har jobba i soknet i 4 1/2 år. Vi er og takksame for eit fellesskap prega av likeverd, deltaking og respekt for mangfald!
Heidi Pedersen Kvalsvik er dagleg leiar for Frivillisentralen, som eigast av Hareid sokn.
Vil du bli frivillig medhjalpar?: https://kyrkja.no/nn-NO/fellesrad/hareid-sokn/hareid-frivilligsentral/
Les meir i brosjyra: https://kyrkja.no/globalassets/fellesrad/hareid/dokumenter/liggande-a4-brosjyre09-c2-lav.pdf