Jul er nært, trass avstand

Eg kan skjøna dei som kjenner at det 'å halde avstand' strir mot det meste jula handlar om. Gud kom nær. Nær menneska. Nær liva våre. Nær kroppane og pusten vår. Og han fortsette å vere nær. Utan omsyn til smittefare eller kva øvrigheita føreskreiv.

Sokneprest i Hareid, Lars Hartig-Tangedal

Avstands-jul?

Og vi er mange som kjenner kor vi saknar nærleiken. Sjølv om vi på eit plan likevel forstår at avstanden er der for å verne oss og dei rundt oss. Og vi ser kor gale det har gått der øvrigheita ikkje brydde seg, eller let det skure med omsynet til dei svakaste, slik det ofte skjer rundt om i verda.

Når nærleik blir eit sakn, er det mellom anna fordi utanom dei vi likevel er så nær at vi kan halde rundt, er det noko vidunderleg livgjevande i å møte lyset i augo til fleire som vert glad for å sjå deg. No kan vi til dels sjå det lyset både på ein og to meters avstand, men risikoen er kanskje at vi lar vere å oppsøkje kvarandre når det er så annleis?

Er det noko eg ønskjer meg mot jul, er det kreativitet og pågangsmot til å trasse den kraftløysa som kan snike seg inn 'medan vi ventar på betre tider'. Å advente snautt fire veker er så sin sak. Det byggjer berre forventning. Men å vente på uviss tid i månadsvis, utan å sjå eller vite – det tappar… Då treng i alle høve eg at vi minner kvarandre på Han som var heilt annleis kreativ på å nå fram til dei områda av livet der vi er einsame. Kan vi finne inspirasjon hos Han til 'to meter nærleik og lys'?

For meg har ein ny julesong rørt ved mange strenger. Både fordi eg kjenner Cathrine som nett har skrive han – og fordi ho syng han vidunderleg med Secret Garden. Søk han opp! Og la deg røre. Jul er nært. Trass all avstand.

Sokneprest i Hareid, Lars-Hartig Tangedal

 

I dette stille øyeblikk

[T Cathrine Iversen] [M Rolf Løvland]

1 I dette stille øyeblikk
møtes jord og himmel.
Stjernen i det fjerne
er så nær oss nå i natt.
Den lyser opp så klar og sterk
i nattens stjernevrimmel,
og viser oss hvor vi kan finne
julens store skatt.

2 I dette stille øyeblikk
finner vi det tapte.
Vår hvileløse ventetid
er ett i denne stund.
Nå sendes våre bønner
til han som allting skapte.
Ordet bærer håp og frelse
gjennom barnets munn.

3 I dette stille øyeblikk
stanser selve tiden.
Vi stopper opp og lytter
til at julen ringes inn.
Vi tar hverandres hender
og legger strid til siden,
og stilner all vår hjertetrang
til julefred i sinn.

4 I dette stille øyeblikk
åpner vi vårt hjerte
for alle vi har mistet
og for alle vi er nær.
Denne stunden rommer all
vår glede og vår smerte.
Det lille barnet viser oss
hva kjærligheten er.

Program for jul og nyttår i Hareid kyrkje

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"