Kvart fjerde år er det kyrkjeval, på same tid som kommunevalet. Då er det val av representantar til soknerådet (lokalt) som skal veljast på nytt, samt bispedømeråd (regionalt) og Kirkemøtet (nasjonalt).
Soknerådet (lokalt)
er styringsorganet i vår kyrkjelyd og har det strategiske ansvaret for å vere kyrkje lokalt. Soknerådet vert valt kvart 4. år. Inkludert kommunal representant blir soknerådet utvida til Hareid kyrkjelege fellesråd, som har ansvar for økonomi, kyrkjebygg, gravferdsforvaltning og er arbeidsgjevar for dei tilsette, forutan prestane som prosten har ansvaret for.
Bispedømerådet (regionalt)
har ansvar for verksemda i bispedømet, saman med biskopen. Dei tilset m.a. prestar. Medlemmene er også med under Kyrkjemøtet (nasjonalt).
SOKNERÅD: Sjå liste for soknerådsval i Hareid 2023 - Hareid Sokn (kyrkja.no)
BISPEDØMERÅD og KIRKEMØTET i Møre bispedøme:
Sjå kandidatpresentasjonar Kyrkjevalet 2023 - Møre bispedømeråd - Møre biskop (kirken.no)
FØREHANDSRØYSTING:
Du kan førehandsrøyste fysisk, men også digitalt fram til 6. september:
Lokalsjoner førehandsrøysting: Førehandsrøysting 10.08. - 06.09.2023 - Hareid Sokn (kyrkja.no)
Digital førehandsrøysting kan gjerast i linken i toppen/øvst på denne sida der det står "STEM HER".