Tusen takk til alle som var med og ga! I ein tid der rekordmange menneskjer er på flukt frå krig og konflikt, ser vi at behova ute er enorme. På dei to gudstenestene julaftan samla Hareid sokn inn 16.938,- kroner. Pengane vil mellom anna sikre enda fleire barn og vaksne tilgang til reint vatn og helsetenester – og nødhjelp til folk som er på flukt. Saman med Kirkens Nødhjelp er Hareid kyrkjelyd med på å redde liv og forandre liv!
Tusen takk!
Kirkens Nødhjelp takkar varmt for offergåvene som ble gitt frå Hareid kyrkjelyd i jula.