Venche Leite har gjennom ei årrekke arrangert ulike konsertar i heimekommunen, Ørsta. I tillegg er ho ofte nytta som solist i både gravferder, bryllup og gudstenester, men også på andre tilstellingar, som freelancemusikar. Ho skal også i desse dagar starte barnekor på Vartdalstranda.
På konserten får vi høyre henne tolke vakre salmar og ulike songar ho har eit nært forhold til. Venche har også sjølvskriven musikk på repertoaret og vi får blandt anna høyre «Den største gåva», «Tilgi meg» og hennar omsetting av den kjende «The prayer» («Min Bønn)
Med seg på konserten har Venche med den dyktige pianisten Geir Helge Ådneram og dei to jentene hans, Lina og Lovise Ådneram.
Jentene er musikalsk aktive og syng både med Soul Children og i jentekoret «Desibelle»
Geir Helge har drive med musikk heile livet. Han har undervist ved kulturskulen i Lyngdal, studerte musikk i Oslo, og har vore pianist for ulike kor og solistar
Har også vore musikar på studioproduksjonar med eige band, ulike kor og artistar.
Venche har arrangert konsert i Hareid kyrkje tidlegare og tilbakemeldingane har vore gode.
Ho ynskjer eit varmt velkommen, og voner mange vil ta turen til ei vakkert pynta og lyssett kyrkje denne onsdagskvelden i februar.
Konserten startar kl. 1930, og der er billettsal (à 200,-) ved døra. Born under 12 år er gratis.