Under krigen 1940-45 såg det ei tid ut til at vi som mange andre skulle misse kyrkjeklokkene. Okkupasjonsmakta hadde bruk for alt metall som skaffast kunne. I 1941 har presten skrive inn i kallsboka inskripsjonane til klokkene og diameteren oppe og nede, høgda og tonen. Den eldste er 30-56-47 cm, og tonen er a. 1870-klokka: 30-56-47 cm med tonen diss.
Mange tykte at klokkene ikkje høyrdest langt nok utover, og i 1969 fekk kyrkja to nye klokker som gåve. Den eine har slik innstøyping: GITT AV ELDRE SKIPPERAR I HAREID SOKN, så ei seglskute i relieff. På hi sida: GUDS ORD DET ER VÅR FEDREARV TIL BORNI SKAL DET GAGNA, og eit relieff.
På den andre klokka: GITT AV HAREID SPAREBANK, så Kristusmonogrammet chiro i relieff, og på andre sida: HØYR MINE MALMAR DEI TONAR OG KVED: HERREN ER FRELSAR I HONOM DEG GLED og Olav V sin vignett. Verset er dikta av Johan H. Grimstad.
Begge klokkene er støypte i 1969 av Olsen & Sønn, Nauen per. Tønsberg.
Ref. jubileumsheftet "Hareid kyrkje gjennom 100 år" i 1977. Utgitt av Hareid sokneråd og skriven av Peder Måseide.
Nyleg avdøde Lidvar Rise (05.09.1928-24.02.2023), kom inn til kyrkjeverja i 2020, med eit skriv han hadde laga i 2010, med følgande informasjon om kyrkjeklokkene:
"Det kan vere artig og interessant å vite historia til kyrkjeklokkene våre. Oppe i tårnet er fire klokker. To heng i akslene sine, og er i bruk, og to står på golvet. Alle har si historie å fortelje. Men det starta med dei to klokkene i stavkyrkja frå 1200-talet. Dei var nok små og kva tid dei kom på plass, veit ingen. Då stavkyrkja brann ned i 1806, vart ei av klokkene berga i brukbar stand. Den andre kunne ikkje nyttast.
Dei bygde ny kyrkje i 1807. Men det var dårlege tider så det gjekk mange år før ho vart skikkeleg ferdig og innvigd. Nye og fleire klokker hadde dei ikkje råd til, så det vart å bruke den eine klokka som vart berga. Verken folk, prest eller biskop var nøgde med det - men det var først i 1845 at det vart kjøpt ei til. Ho var også lita, så folk var framleis ikkje nøgde. Difor vart det i 1857 kjøpt ei bra stor klokke. Økonomien i bygda må ha betra seg sterkt, for i 1870 kom der på plass ei endå større klokke. Då var folk fornøgde i 99 år, til 1969!
I følgje tradisjonen er "1870-klokka" ei samansmelting av dei to eldste klokkene (kanskje malmen i den skadde klokka også er med?). I så fall har malm i "1870-klokka" ljoma over Hareid i fleire 100 år!
Etter krigen var det mykje som skulle fornyast. Mykje av det gamle skulle vekk. Då var det snakk om at vi skulle hatt større klokker med klang som bar elenger utover. Og i 1960-åra slik nokre gamle skipparar i soknet seg saman og baud seg til å koste ei ny og større klokke. Med seg på laget fekk dei Hareid Sparebank - som også ville koste ei - som skulle vere den største. Og klokkene kom i september 1969.
"Skipperklokka" har tone C2, veg 270 kg og kosta kr 11.380. Det var mykje pengar på den tida - nesten ei lita årsløn. (inskripsjonar som nemnt over). Den andre har tone a1, veg 480 kg og kosta kr 18.734..
Det vart mykje styr før klokkene kom på plass. Desse store liftane og kranene var ikkje komne då, så det gjekk med handemakt opp gjennom troppene. Det vart mykje "åhøying" og rop! Dei "to gamle" måtte takast ned før dei tok hol i loftet og fekk heise dei to nye på plass. Dei var større og tyngre så mangt måtte forsterkast. Det vart skikkeleg gjort. Der var mange "basar". Skipparar og andre, nokre av desse var Rasmus Grimstad (då 52 år) og Endre Hareide (då 47 år).
Klokkene er leverert av fa. Olsen & Sønn, Nauen pr. Tønsberg. Det einaste klokkestøperiet i landet. Den største klokka dei har levert er på 4000 kg, til Oslo rådhus.
Det er fint å tenkje på at når vi høyrer klokkene våre er det ikkje berre klangen som ljomar utover bygda - men også orda, versa. Særleg ved dei ni slaga tilslutt i gudstenesta - og ved grava - høyrer vi det fine verset til Johan H. Grimstad. Det er den klokka som vert brukt då: HØYR MINE MALMAR DEI TONAR OG KVED: HERREN ER FRELSAR I HONOM DEG GLED."