Lokalt listeforslag for kyrkjevalet 11. september 2023

Kyrkjevalet "står snart for døra" og vi håper og oppmoder alle om å ta del på valet, som er samtidig som kommunevalet. Hareid kyrkje ønskjer å vere ei folkekyrkje som er til stade for bebuarane i kommunen, både til kvardag og fest, i sorg og i glede. Sjølv om gudstenestene er viktige, er det å vere kyrkje i no-tida så mykje meir enn gudstenester. Ved å legge til rette våre ulike aktivitetar og kyrkjelege handlingar midt i alt som er, kan vi tilpasse oss der vi ser at det kan vere nødvendig. Slik må vi følgje med i samfunnsutviklinga for å vere ei truverdig kyrkje. Dette får ein vere med på som medlem i soknerådet og vil også få samhandle ilag med ein stab som har lang erfaring i sitt arbeid.

For aldersgruppa 0-18 år hadde vi 22 ulike tidsavgrensa tiltak på planen i 2022. I tillegg til dette kjem det kontinuerlege arbeidet som babysong og småbarnsong. Foto: Hareid sokn

Soknerådet er styringsorganet i vår kyrkjelyd og har det strategiske ansvaret for å vere kyrkje lokalt. Soknerådet vert valt kvart 4.år. Inkludert kommunal representant blir soknerådet utvida til Hareid kyrkjelege fellesråd, som har ansvar for økonomi, kyrkjebygg og gravferdsforvaltning. Hareid kyrkjelege fellesråd er arbeidsgjevar for dei tilsette, forutan presten som prost har ansvaret for.

Listeforslag for soknerådsvalet 2023, jr. kirkevalreglane § 7-6. Valstyret/soknerådet har vedtatt følgande listeforslag, ref sak SR14/23: 

1. Karsten Robert Kirkebø (1975), Hareid
2. Sissel Anita Riise (1969), Hareid
3. Leidulv Hareide (1953), Hareid
4. Sissel Bakkely Knardal (1975), Hareid
5. Stein Karstensen (1954), Hjørugavåg
6. Marit Øien Sæverud (1957), Hareid 
7. Anne-Liv Holstad (2000), Hareid
8. Elling Bjåstad (1973), Bigset
9. Aud Helen Øvrelid (1995), Hjørungavåg
10. Vibeke Rafteseth (1981), Bigset
11. Marita Husøy Mork (1976), Hareid
12. Elisabet Øvrelid (1970), Hjørungavåg
13. Kristin Leirbekk Husøy (1992), Bigset
14. Birte Mork (1996), Hjørungavåg
15. Peter Teigene (1998), Hareid
16. Trude Håkonsholm Lunaas (1989), Hareid

(Første gong publiert 21.03.2023)

I fellesrådet i tillegg:
Kommunal representant (i perioda 2019-2023 var dette ordføraren), og ein vara for kommunal representant (i perioda 2019-2023 var dette varaordførar).

I soknerådet/fellesrådet sitt også sokneprest i Hareid som geisteleg representant, og kyrkjeverja er sekretær. 

Valbarheit:
Valbare er alle stemmeberettiga som har fylt 18 år innan utgong av valåret (2023). Dei som er valbare, har plikt til å ta imot val, jf. kirkeordninga §9 tredje ledd og kirkevalsreglane § 3-1.

Fritak:
Rett til å krevje fritak for val til sokneråd har den som avgir skriftleg erklæring om at vedkomande ikkje ønskjer å stille til val på den aktuelle vallista.
Slik erklæring må settast fram innan den frist som soknerådet har satt, elles misser ein retten til å strykast frå listeforslaget. Den som unnlet å krevje seg fritatt frå å stå på liste, kan ikkje nekte å motta val, jf. kirkeordninga §9 fjerde ledd, jr. kirkevalsreglane §3-4.

Klikk her for å lese meir om kyrkjevalet.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"