I Hareid er det Frivilligsentralen til Hareid sokn som administrerer matkasseutdelinga. Dei vil i år pakke og vil levere ut 66 matkasser før jul, til dei som har meldt ønskje om dette.
"Det er fleire fine og gode ting som skjer når vi inn mot jul held på med dette. Sjølvsagt er det både godt og nødvendig at dei som treng det får mat og gåver til jul, men også dei som bidreg opplever glede av å vere til hjelp.Vi er takksam for alle som har rekt ut ei hand og eit varmt hjarte til dette arbeidet, gjennom flotte strikkegåver, som gensere, lester, vottar, m.m. Barn og vaksne som kjøper gåver og kjem med godteri til dei som ikkje har det like greitt denne jula. Til alle dei som har bidrege med praktisk arbeid, som pakking av gåver, pakking av matvarer og utkøyring av kasser. Det ligg så mykje hjartevarme og omsorg i det som alle bidreg med. Heile bygda har gått saman om å hjelpe slik at fleire får ei verdig julefering. Ei bygd som viser så mykje omsorg, inkludering og samhald, er ei bygd å vere stolt av, seier Heidi Pedersen Kvalsvik som er dagleg leiar i Hareid Frivilligsentral.
PS: Fristen for å melde inn matkasse, er utgått.