Kvifor vere medlem i Den norske kyrkja?

Det er mange grunnar til å vere medlem i Den norske kyrkja. Mellom anna tilhørigheit, meining, gratis seremoniar og rettigheiter i kyrkjedemokratiet. Les meir om medlemsfordelane her

Foto: Hareid sokn

Kort om medlemskap i Den norske kyrkja

  • Kriteriet for å bli medlem i Den norske kyrkja er ein kristen dåp.
  • Det er helt gratis å vere medlem i Den norske kyrkja.
  • Sjå om du er medlem eller ikkje på Min side.
  • Alle er velkomen i kyrkja, uavhengig av medlemskap, men du som er medlem har likevel nokre spesielle rettigheiter og fordelar.
  • Om du ikkje er døypt, men ønskjer å bli det, kan du ta kontakt med kyrkja der du bur.
  • Å endre medlemskap i Den norske kyrkja er enkelt. Les meir her.

Gode grunnar til å vere medlem i Den norske kyrkja
Det er mange grunnar til å vere medlem i Den norske kyrkja, og medlem i kyrkja begrunner sitt medlemskap på mange ulike måtar. På denne sida finn du nokre av desse grunnane.

Som medlem i Den norske kyrkja kan du oppleve tilhørigheit og meining
Alle menneskjer kan ha behov for å søkje noko større, meining og fellesskap. Du er hjarteleg velkomen til å ta del i kyrkja sitt fellesskap og utforske trua, uavhengig av medlemsstatus. Samtidig er det kun kristen dåp som gir medlemskap i Den norske kyrkja. I dåpen får du løftet om at Jesus er med deg alle dagar. Dåp er gratis, uansett om foresatt(e) er medlem eller ikkje. Les meir om dåp her.

Å vere ein del av kyrkja er å vere ein del av noko større. Gjennom dåpen får vi ta del i eit fellesskap som strekkjer seg over heile verda.

Ved å vere ein del av Den norske kyrkja, får du og ta del i den største organisasjonen i sivilsamfunnet i Noreg. Den norske kyrkja har vakre kyrkjer, meiningsfulle arrangement og dyktige medarbeidarar i alle lokalsamfunn i heile landet.

Finn ei kyrkje der du er her eller arrangement nær der du er her.

Som medlem i Den norske kyrkja får du gratis seremoniar
Den norske kyrkja har rom for deg, uansett om du er medlem eller ikkje. Du er velkomen til kyrkja sine arrangement og til å ta kontakt med kyrkja sine medarbeidarar uansett medlemsstatus.
Samtidig er det nokre medlemsfordelar knytt til kyrkjelege handlingar (dåp, konfirmasjon, vigsle og gravferd).

 

Gratis vigsels-seremoni
Det er gratis for medlem i kyrkja å gifte seg i kyrkja der dei bur. Her får dei ein høgtidleg vigselsseremoni, prest, kyrkjemusikar, kyrkjetenar og leige av kyrkja gratis.
Ein kan velge vigsel med storslått fest og mange gjestar, eller eit minimalistisk vigsel i joggesko, med berre forlovarar og prest tilstades. Vigsel er ei stor feiring av kjærleiken – uansett. Les meir om førebuing av vigsel her.

Konfirmasjonsdagen
Konfirmanttida ender i ein skikkeleg festdag: konfirmasjonsdagen. I kyrkja blir ungdomane feira og bekrefta for den dei er. For å bli konfirmert på slutten av konfirmanttida, må man vere døypt.
Opplegget i konfirmanttida varierer, og man treng ikkje vere medlem for å delta i undervisninga. Les meir om konfirmasjonsdagen her.

Gratis gravferdsseremoni
Medlem i Den norske kyrkja får gratis gravferdsseremoni når dei sjølv går bort. Her får pårørande ta ein verdig, meningsfull og trygg avskjed.
Seremonien er gratis der pårørande bur, eller der avdøde hadde bustadsadresse.
Dette inkluderer prest eller diakon, kyrkjemusikar og kyrkjerom.

Les meir om å planlegge kyrkjeleg gravferd her.

Sei ja til å bli fadder
Du kan bli fadder til ein som blir døypt. Å bli spurt om å være fadder er for mange ei stor glede. Ein fadder må ha fylt 15 år og som hovudregel vere medlem av Den norske kyrkja.

Les meir om kva det vil seie å vere fadder her.

Barn får informasjon om kyrkja sitt tilbod
Alle barn som er medlem i Den norske kyrkja blir invitert til aktivitetar for barn og unge i kyrkja der dei bur – trusopplæring.
Viss barnet ditt ikkje er medlem, kan du som føresatt likevel få tilsendt informasjon om kyrkja sitt tilbod direkte til deg som er vaksen. Dette kan du få uansett om du er medlem eller ikkje. Les meir om å få tilsendt informasjon her.

Som medlem i Den norske kyrkja kan du være med å forme kyrkja
I Den norske kyrkja er det rom for og bruk for deg. Du kan bidra som medarbeidar – som tilsatt eller frivilleg. Slik kan du vere med og forme korleis kyrkja der du bur skal vere, uavhengig av medlemskap.
Som medlem har du og nokre formelle demokratiske rettigheiter i det å forme kyrkja.

Rett til å røyste i kyrkjevalet
Som medlem har du rett til å røyste i kyrkjevalet som er kvart 4. år. Då kan du vere med å bestemme korleis morgondagen si kyrkje skal styrast sentralt, regionalt og lokalt. Man må fylle 15 år eller vere eldre enn dette for ha røysterett i kyrkjevalet.

Les meir om rett til å røyste i kyrkjevalet her.

Stille til val i kyrkjevalet
Som medlem i Den norske kyrkja kan du stille til val i kyrkjevalet: til sokneråd eller til val i bispedømeråd og Kirkemøtet. Man må fylle 18 år eller vere eldre enn dette for å stille til val i kyrkjevalet.

Les meir om å stille til val i kyrkjevalet her.

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"