Kyrkjelyden sitt 4-årige misjonsprosjekt perioden 2022-2025 støtter Det Norske Misjonsselskap sitt arbeid med barn og utdanning i Thailand.
HER BIDREG VI MED:
-Å gi born og unge frå fattige kår ein betre start på livet
-Økonomisk støtte til opplæring og kursing av kyrkja sine medarbeidarar og medlemer
-Klimasmart jordbruk og landsbyutvikling i avsidesliggjande landsbyar i Nord-Thailand
I slummen i Bangkok er det mykje fattigdom, splitta familiar, rus og kriminalitet. Her driv kyrkja barnehage, fritidstilbod og mødreheim.
I barnehagen og fritidstilbodet ved Lovsangsheimen får barna omsorg og tryggleik. Dei får leike, lære, ete og kvile. På mødreheimen Nådeheimen får unge gravide jenter i ein vanskeleg livssituasjon hjelp og støtte. Ungdomar med utfordrande bakgrunn, får høve til skule og utdanning gjennom stipend. Lørdagsklubb for barn i nord er ein trygg stad å vere – med undervising om kristen tru, barn sine rettar, eigen kultur og jordbruk.
Kyrkja manglar prestar, derfor er lekmannsopplæring og kursing av frivillige spesielt viktig. Alle blir oppmuntra til å sjå sin eigen verdi og å bruke sine talent.
Vi er med på å setje fokus på barn sine rettar, førebyggje menneskehandel og styrke familien.
Kyrkja i Nan-provinsen i nord, lærer klimasmart jordbruk til lokale bønder. Dette fører til gode avlingar fleire gonger i året, auka mattryggleik og inntekter.
NMS sin visjon er EI LEVANDE KYRKJE OVER HEILE JORDA!
TAKK for at du er med og bidreg til det! SAMAN forandrar VI VERDA!
Les meir om vår misjonsavtale: https://www.kyrkja.no/nn-NO/fellesrad/hareid-sokn/diakoni--misjon/misjonsprosjekt/