"Blanke ark og fargestiftar tel"

Å starte eit nytt kalenderår er alltid spennande. Kva vil det nye året bringe med seg?

 Å bygge møteplassar og skape positiv aktivitet i lokalsamfunnet enten det gjeld musikk, idrett, næringsliv, kultur, kyrkje eller anna - er med på å skape både bulyst og godt omdøme av plassen vi bur på. Foto: Hareid sokn

I 2024 vil vi mellom anna få to nye kollegaer i staben og ein svært erfaren kollega skal bli pensjonist.

Det har vore gledeleg å både høyre å sjå tilbakemeldingar som vi har fått i høve utlysing av stillingane våre. For det første hadde vi fleire gode søkjarar på begge stillingane, det er slett ingen sjølvfølge alle plassar. I tillegg har fleire andre kommentert at "det ser kjekt ut å jobbe i kyrkja på Hareid". Og "det skjer så mykje bra i Hareid", er noko av det vi får høyre. Dette synes vi er ein god attest til heile lokalsamfunnet og kommunen vår. Det er mykje god samhandling i bygdekommunen vår og saman står ein sterkare og ein kan få til meir ilag. Å bygge møteplassar og skape positiv aktivitet i lokalsamfunnet enten det gjeld musikk, idrett, næringsliv, kultur, kyrkje eller anna - er med på å skape både bulyst og godt omdøme av plassen vi bur på.

Malin Høgstavoll er vår nye kontormedarbeidar i 50 % stilling og Lars Håvard Eikrem skal vere med å styrke arbeidet med barn og unge i 80 % stilling som kyrkjelydspedagog. Og Eli-Sølvi Jønsson skal etter 15 trufaste år i soknet går av med pensjon til påske, noko som sjølvsagt ikkje så lett kan erstattast. Her må vi difor omorganisere litt og gjere interne endringar som er vanleg i slike type prosessar.

Vi ønskjer å vere ei opa og inkluderande folkekyrkje. Vi ynskjer at alle skal finne sin plass, enten dei er unge eller gamle. Saman kan vi bygge steg for steg, skape gode møteplassar for alle situasjonar i livet - med mål om å gi retning på trusvegen for folk. 

Vi er takksam for alle som engasjerer seg og som stiller opp som frivillige og tek del på ulikt vis. Ilag kan vi få gode ting til å skje - vi gleder oss til alt godt vi kan vere med på i 2024!

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"