Våre samhandlings-arrangement under Opplev Hareid:
- Onsdag 19/6 kl 1700: Konsert på Hadartun v/Trine T. Eidesvik og Kevin Myklebust, «Den kulturelle spaserstokk». Arr.: Hareid Frivilligsentral og Dagsenteret
- Onsdag 19/6 kl 20.00: "Samtale konsert med noko attåt". Tidlegare journalist og religionsvitar Andrea Øien Sæverud vil hjelpe oss til å bli kjent med vår nye sokneprest Lars Hartig-Tangedal. Musikklaget Melshorn tek del. Arr: Hareid kyrkjeakademi
- Laurdag kl 11.00: Stand i parken med sal av kaffi, vafler og tombola. Arr: Hareid kyrkje
- Laurdag kl 10.00: Gratis frokost på Hareid bedehus (2.etg). Arr: Hareid Frivilligsentral, Lions og Saniteten
- Laurdag kl 13-15: Internasjonal kafé på bedehuset kl. 13-15. Arr: Hareid ressurssenter og Hareid Frivilligsentral
- Søndag kl 11.00: Innsettingsgudsteneste for sokneprest Lars Hartig-Tangedal, på Hareid bedehus etterfulgt av kyrkjekaffi med program. Prost Ingeborg Matre og presteskap tek del. Arr. Hareid kyrkje
Hareid Frivilligsentral er eigd av Hareid sokn. Frivilligsentralen har eigne retningslinjer for drifta, og driv eit viktig, sosialt entreprenørskap i Hareid kommune. ”Vi treng deg. Du treng oss!”
Hareid kyrkjeakademi er etablert som medlem i organisasjonen Norske kirkeakademi (NKA). Det er undervisningsutvalet i Hareid sokn som har teke initiativ til oppstart (i 2018) av kyrkjeakademi i Hareid.