Videooverføringa frå Hareid kyrkje til sjukeheimen på Hadartun har vore ute av drift frå i sommar. Årsaka til dette er at det i lang tid har vore eit ustabilt teknisk system. Kostnadane med å ordne ei varig og framtidig løysing blir høg, og Hareid kommune jobbar med denne saka.
Ein ynskjer å levere eit godt og stabilt tilbod til bebuarane på sjukeheimen og difor ønskjer ein å jobbe fram varige løysingar for overføringar frå kyrkja og TV-signal til bebuarane på sjukeheimen. Svært mange har venta på at løysinga skal kome på plass. Inntil vidare blir det altså den gamle løysinga.
Overføringar frå kyrkja til Hadartun
På søndag blir det overføring frå kyrkja til Hadartun igjen. Inntil vidare blir det den gamle og ustabile løysinga, som ikkje er holdbar i lengda - men som vil vere ei førebels løysing.