DIGITALE PÅSKEGUDSTENESTER FRÅ HAREID KYRKJE
Alle gudstenestane blir digitale (ikkje opne gudstenester for fysisk oppmøte i kyrkja), og blir sendt på vår Facebookside og Hadartun sin kyrkjekanal på TV.
Palmesøndag 28. mars kl. 11.00 Skjærtorsdag 1. april kl. 19.00 + ekstrasending kl 17.00 (til Hadartun) Langfredag 2. april kl. 19.00 Påskevandring på kyrkjegarden |
Det vert påske i år også
Sjølv om den blir annleis, kan ein sjølve lese påskeevangeliet. Gjerne i lag med dei ein bur saman med. Og vi kan synge eller lese «Deg være ære». Helsinga «Kristus er oppstanden!» er like sann i år som før.
Vi må også ha med oss i denne tida at vi alle kan bety noko for kvarandre. Om vi ikkje kan eller bør treffast fysisk innandørs, kan vi snakke saman på telefon eller digitalt, eller gå ein tur i lag. Det er godt å kunne snakke saman, dele fellesskap, og be i lag, sjølv om vi ikkje kan vere i same rom.
Vi får ikkje feire fysiske gudstenester, men vi kan samlast digitalt. Påskeevangeliet minner oss om at Jesus når inn til oss der vi er – likevel.
God påske!
Animasjonsfilm om påskeevangeliet (6 minutter)
Påskeevangeliet animert på en morsom og lærerik måte.
Sjå her: https://www.nlm.no/video/2020/paskeevangeliet/