Kommunen sitt store vatn- og avlaupsprosjektet er godt i gang. Også Kyrkjegata er involvert. Gata er difor stengt for gjennomkøyring mellom rundkøyringa og Mjølkevegen, og mellom Soffibakken og Mjølkevegen (sistnemnde kun tilgang for private eigedomar).
For å kome til to av parkeringsplassane må ein ta omkøyring via Soffibakken-Snarvegen-Mjølkevegen.
Det er 3 parkeringsplassar i nærleiken av kyrkja som kan nyttast:
1) Ny og stor parkeringsplass rett bak Kjøpmannsgata/Mjøl & Meir, også el-lading.
2) Grus-parkeringsplass rett ovanfor kyrkja og redskapshuset (Omkøyring via Soffibakken-Snarvegen-Mjølkevegen)
3) Liten parkeringsplass rett ved sida av kyrkja, med 2 handicap-plassar. Veldig få plassar. (Omkøyring via Soffibakken-Snarvegen-Mjølkevegen)
Ein fjerde parkeringsplass vil etterkvar kome: Det gruslagte området rett nedanfor kyrkja skal bli parkeringsplass i framtida, men planen har heile tida vore at det først skal vere ein anleggsplass inntil anleggsarbeidet i området og på Pålhaugen blir ferdigstilt.
Vi ber om forståing for dette når du skal parkere køyretøy ved besøk kyrkja/kyrkjegarden. Takk.