Etter sedvane

På veggen heime hos foreldra mine heng eit nydeleg bilde av bestemor og bestefar, Paula og Gustav Flø. Da det vart teke, var dei begge over 90 år gamle og på bildet er dei på veg til kyrkja. Da hadde bestefar vore omtrent døv i nærpå 20 år, men når han vart spurt kvifor han framleis gjekk i kyrkja, når han likevel ikkje høyrde noko av preika, så sa min gode og kloke bestefar: «Eg får no gjeve mi gåve på alteret og eg får med meg velsigninga.»

Bildetekst: Eit flott bilete av Paula og Gustav Flø på veg til kyrkje i 1983. Begge var frå Flø, men busett på Hareid. Paula gikk bort i 1985, 94 år gamal. Gustav blei nær 100 år gamal, døydde 17 dagar før sin 100 årsdag i 1991.

Denne utsegna oppsummerer dei to poenga med gudstenester: at vi får tena Gud på ulikt vis – etter som vi har evne til: med song og bøn, med pengar og nærvær. Og Gud velsignar oss på ulikt vis – etter som vi har evne til å ta imot: nokre gonger får vi utbytte av preika, andre gonger er det dei faste ledda, nattverden eller salmane og bønene i gudstenesta, som talar best til oss.

Det som låg til grunn for den innstillinga som bestefar hadde, var noko han hadde lært av Jesus sjølv og som i den gamle bibelomsetjinga var omtalt slik i Lukas 4,16: På sabbaten, helgedagen, gjekk Jesus inn i synagoga, til gudsteneste, «som han var van med», eller «etter sedvane» som det stod på bokmål.

Den andre plassen der dette uttrykket er brukt om Jesus er i Lukas 22,39: på natta til langfredagen – den tyngste dagen i heile Jesu liv – da står det at han, «som han hadde for vane» gjekk til Oljeberget, for å be i einsemd.

Det å velja og dyrka dei gode sedvanane, er vegen til eit godt og velsigna liv, både for kvart enkelt menneske og for andre menneske som ser kva som er våre viktigaste prioriteringar i livet. Det å ha dei gode vanane for regelmessig å søkja Gud både i fellesskapet og i einsemda, er noko som kan bera oss, både i dei gode og i dei vonde dagane.

Det vi har som sedvane, held oss oppe, også når dei dagane kjem, at livet vert tungt og vanskeleg, når kroppen og sansane sviktar, og vi må søkja og oppleva Guds velsigning på andre måtar, enn det vi kunne gjera i dei åra da vi var i vår fulle kraft. Men det er gjennom dei prioriteringane som vi gjer no, at grunnlaget for dei gode sedvanane blir lagt.

Eg er glad for at eg fekk oppleva å møte bestemor og bestefar då eg var ung, og for at eg framleis kan leva i den velsigninga som dei formidla gjennom sine liv. Eg håpar at eg også kan få formidle noko av denne velsigninga til mine barnebarn, når den tida kjem. Eg trur også at det å velja og å dyrka dei gode sedvanane i mitt liv i dag, er med å leggja eit grunnlag for at det håpet kan gå i oppfylling når tida kjem.

-Øystein Flø-
(barnebarn av Paula og Gustav Flø)

 

 

 

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"