Når eit barn vert boren til dåp, blir vi minnet om at ingen kan bære seg sjølv. Gjennom dåpen blir vi ein del av eit fellesskap som strekker seg over heile verda – og gjennom alle tider. Ved dåpen har barnet alle sine viktigaste støttespelarar rundt seg, og i dåpen gjev Gud sin lovnad om å følgje barnet alle sine dagar.
Ved dåpen blir barnet medlem av den norske kyrkje. Å være medlem av den norske kyrkje betyr at ein resten av livet har rett til kyrkjelege handlingar vederlagsfritt der han/ho har bustadsadresse. Som medlem får ein også invitasjon til å delta i trusopplæringstiltaka som kyrkja tilbyr frå ein er 0-18 år. Sjå oversikt: https://kyrkja.no/nn-NO/fellesrad/hareid-sokn/trusopplaring/
Trusopplæringa i Hareid har som overskrift ” Med rett til å verte sett og verdsett”. Vi tenkjer at alle har ein plass i fellesskapet, kvar med si tru og sin tanke. Kvar med sine evner og anlegg. Vi ynskjer å gå saman med borna og ungdomen på trusvegen med alt det inneber av utfordringar, gleder og oppgåver.
Er ein medlem av eit trussamfunn innan ei anna religion, og ønskjer å konvertere og bli døypt i den kristne kyrkje så er det og høve for det hos oss. Ta da kontakt med oss for å avtale samtale og organisering av dåp.
Alle som ynskjer dåp er velkomen til å ta kontakt med Hareid kyrkjekontor for meir informasjon. Dei fødte i Hareid kommune, der ein av foreldra er medlem av kyrkja, vil automatisk få ein invitasjon til dåp. Dei som ynskjer dåp i Hareid kan melde dåp direkte frå nettstaden: https://hareid.medarbeideren.no/
eller ta kontakt med kyrkjekontoret (70095130) eller sokneprest for å avtale ein dato.