Men først skal vi ha ein avskjedsgudsteneste den 19. mai for Leidulv Ø. Grimstad. Leidulv har tenestegjort som prest sidan slutten av 2015, og har valt å følgje konfirmantkullet fram til konfirmasjonen i mai, før han blir pensjonist.
Det ser ut til at det ikkje blir noko opphald mellom presteskiftet, då Lars Hartig-Tangedal, etter planen skal begynne i stillinga i begynnelsen av juni 2019. Planen er og at innsettjingsgudstenesta til Lars vil bli i Hareid den 23. juni, i same veka som Opplev Hareid.
Som ein programpost under Opplev Hareid skal Hareid kyrkjeakademi ha eit arrangement onsdag kveld 19. juni, "Bli kjend med den nye presten" der alle kan få bli betre kjent med den nye soknepresten.
Det er mykje som skjer framover våren og vi gleder oss!