Mandag 16.10. kl 1930: "Himmel over bygda" i Hareid kyrkje
Foredrag frå den nye historieboka om kyrkje og kristenliv i Hareid, med forfattar Asle Geir Widnes Johansen, Leidulv Ø. Grimstad og Magne Grimstad.
Om 4 år er Hareid kyrkje 150 år. Om 10 år er også det som skjer i dag – historie. Å ta vare på historia vår er viktig og vi er takksam for at Hareid historielag (utgjevar av boka) har påtatt seg dette viktige oppdraget med boka. Ansvarleg redaktør er Finn Sindre Eliassen.
Boka er rykande fersk til Hareidsstemna, og dette vert første høve til å kjøpe boka - samt under stemnefesten i Hareidshallen, på kyrkjekontoret og på nettbutikken til Osberget.
Arrangør: Hareid kyrkjeakademi
Torsdag 19.10. kl 1100-13.00: Torsdagstreff på kyrkjeydshuset
Har du vore på sjømannskyrkja utanlands, veit du at der er vaflar. Annakvar torsdag er det OPEN KAFE med vaflar, kaffi/brus og ei kort andakt kl 12. Ein møteplass der ein kan sette seg ned rundt eit bord med lys på og hyggeleg prat.
Arrangør: Hareid sokn
Fredag 20.10. kl 18.00-20.00: Tweens-klubb for 6. og 7. trinn, på kyrkjelydshuset
Spel, leik, aktivitetar, prat, kiosk, felles samling kl 19.15.
Foreldre er med kvar gong.
Arrangør: Hareid sokn
Søndag 22.10. kl 11.00: Festgudsteneste i Hareid kyrkje
50-årskonfirmantar og årets konfirmantar. Kammerkoret og ei gruppe blåsarar deltek. Nattverd.
Søndag 22.10. kl 18.00: Festen "Bygg Hareid med kjærleik", på kyrkjelydshuset. Ein fest for vaksne og eldre.
Festen er gratis og open for alle og blir eit sosialt møtepunkt, med målgruppe vaksne og eldre. Alle er velkomen til å ta del på festen.
På programmet er det både song, ord og tonar, der vaksenkoret Vox Virorum, Hareid Barnekantori, Leiv Arne Nydal (fele) og sokneprest Lars Hartig-Tangedal tek del. Det blir og ei god matykt med smørbrød og kaker, der ein får høve til å prate ilag rundt borda. Sissel Anita Riise skal vere programleiar og Ida Teige spelar piano til fellessongar, dei to leier også barnekantoriet. Sparebanken Møre er ein god og viktig støttespelar og bidreg med midlar til denne eldrefesten, slik at alt kan vere gratis. Dei vil også vere tilstades på festen med ei overrasking.
Ekstra artig er at initiativet til festen og arbeid med programpostar kjem frå sambygding Ivar Røyset (90) og sjølvsagt ville soknet bli med å arrangere. Kjekt initiativ!
Namnet på festen «Bygg Hareid med kjærleik» vil ligge som ei varm ramme for arrangementet. Vi gleder oss og håper mange vil ta del. Finn fram finstasen og sett av datoen – dette blir ei triveleg stund i lag.