Renovering av kyrkja blei klart etter at Hareid kommune i desember 2018 løyvde midlar. Det har vore god samhandling mellom Hareid kyrkelege fellesråd, Hareid kommune, riksantikvar, arkeolog og biskop, for å finne den beste løysinga og få dei nødvendige godkjenningar.
Vi sett pris på at politikarane i Hareid kommune har løyvd midlar for renovering av nytt golv og varmeanlegg i Hareid kyrkje. Kommunen har det økonomiske ansvaret for kyrkja. Hareid kyrkje er listeført som verneverdig og difor særs viktig at ikkje kyrkja får store etterslep på vedlikehald.
Golvet i kyrkja har lenge vore slitt og varmesystemet er gamalt, utdatert og brannfarleg. Det har vore ein lang prosess å få alt på plass, og kyrkje- og kyrkjegardsutvalet har jobba kontinuerleg med prosjektet i lang tid.
Treng meir areal i inngangspartiet
I tillegg er det behov for meir areal i kyrkja, ein kjøkenkrok, universelt utforma toalett, bøttekott, garderobe og lagringsplass. Riksantikvar og biskop ville ikkje tilråde tilbygg på kyrkja, difor valte vi å lytte til desse fagråda og heller gå for ei ombygging av eksisterande inngangsparti som blei anbefalt. Dåpssakristiet er eit tilbygg til den opprinnelege kyrkja, og vi fekk difor godkjenning til å lage ein kjøkkenkrok i dåpssakristiet - som no er komen på plass.
Skisse for ombygging av inngangsparti skal etter planen snart vere på plass, og etter godkjenning kan også dette arbeidet skje fortløpande i same byggeperiode.
Når kyrkja renoverast blir det ein unntakstilstand i byggeperioda når Hareid bedehus skal nyttast. Vi håper difor på god samhandling, forståing og tålmod frå alle involverte, slik at dette kan løyse seg på best mogleg måte. Vi ser fram til å ta i bruk ei nyrenovert kyrkja til hausten igjen.