Hareid sokn er med på aksjonen "Saman som kyrkje i heile verda" som er ein årleg aksjon for misjonssolidaritet for å styrke vårt misjonsprosjekt i Thailand.
Frå Bangkok: Soknet samarbeider med NMS om gode tiltak i Thailand. Misjon er ein del av kyrkjelyden sin identitet og eit uttrykk for at Gud har gjort oss til sine sendebod. Foto: Bente Liavåg (2024)
Kyrkjelyden vår har eit misjonsprosjekt som støtter Det Norske Misjonsselskap sitt arbeid med barn og utdanning i Thailand. Du kan altso vere med å støtte dei som ikkje har det så godt som oss, å vere "saman som kyrkje i heile verda".
I vår 4-årsavtale har vi forplikta oss til å samle inn minimum kr. 40.000,- kvar år, og dette har vi klart kvar gong takka vere stor gjevarglede i kyrkjelyden på Hareid. Vi har ulike arrangement kvart år, der inntekta går til prosjektet. Til dømes misjonssøndag på Holesanden og "Middag og misjon" på kyrkjelydshuset. Gjennom trusopplæringa har 10-åringane misjon som tema på hausten og konfirmantane i november, m.m. Her gjer misjonsutvalet vårt ein særs viktig jobb.
Også vår Frivilligsentralen står sentralt i vårt diakonale arbeid og har som mål å knyte saman menneske og vere eit samlingspunkt der alle som er innom frivilligsentralen kan føle at dei kan vere noko for andre.
"Sammen som kirke i hele verden" er ein årleg aksjon for misjonssolidaritet for å styrke kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt. Aksjonen går inn i misjonsansvaret knytta til SMM sine organisasjonar og eit verdsomfattande nettverk av søsterkyrkjer.
Bli med å dele og bli med å gi! Saman viser vi misjonssolidaritet!
Dette kan du gjere ved å vippse til Hareid sokn 16290 og velg/trykk på "Misjonsprosjekt". Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med oss på kyrkjekontoret tlf 70095130.
Misjonsutvalet i Hareid sokn, seier at vi i dei siste åra har samla inn følgande til kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt i Thailand:
2018: Litt over kr 77.000 (inkl. faste givarar direkte til NMS). 2019: Litt over kr 49.000 (faste givarar direkte til NMS - kjem i tillegg). 2020: Litt over kr 63.000 (inkl faste givarar direkte til NMS) då var Holesanden og Middag & misjon avlyst. Blei innsamling via loddbøker, offer og kyrkjekaffi, samt nokre store enkeltgåver. 2021: Litt over kr 73.000 (inkl. faste givarar direkte til NMS). 2022: Litt over kr 63.000 (faste givarar direkte til NMS - kjem i tillegg). 2023: Litt over kr 60.000 (faste givarar direkte til NMS - kjem i tillegg).
Vi takkar alle som bidreg med støtte til prosjektet. Vi fortsett arbeidet vårt i Thailand - Saman som kyrkje i heile verda!
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.
Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:
Se instruksjoner for din nettlester under:
Internet explorer
Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"
Chrome
Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista
Firefox
Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert