Vår-dugnad på kyrkjegarden: Eit samspel bygd og kyrkjegard

Folk i Hareid kommune er glad i kyrkja si, og den er mykje i bruk gjennom heile året. Men vi har også ein kyrkjegard som blir mykje besøkt og som vi ønskjer skal sjå fin og velstelt ut. Men vi treng hjelp til å vedlikehalde denne no når våren kjem, og inviterer difor bygdefolket til å ta del på vår-dugnad på kyrkjegarden laurdag 27. april kl 10.00.

BLI MED PÅ VÅR-DUGNAD 27. APRIL KL 10.00: Nytilsett Jon Arnstein Haugen (kyrkjetenar/gardsarbeidar), Lars Sellereite (leiar i kyrkje- og gardsutvalet ) og Bente Andreassen Pilskog (dagleg leiar/kyrkjeverje) håper at mange vil bidra til å gjere kyrkjegarden fin til konfirmasjonshelga og nasjonaldagen. Det er ekstra kjekt at kvistar og gammalt lauv er fjerna, og kyrkjegarden er gjort klar for sommaren. Kom å bli med! Foto: Hareid sokn

-Dei fleste har eit forhold til kyrkja, og vi ønskjer at dette også skal gjelde kyrkjegarden. Vi veit at både folk i Brandal, Bigset, Hjørungavåg og Hareid er flinke til å ta del på å samhandle til det beste for lokalsamfunnet, noko som har vist seg i mange samanhengar, seier Lars Sellereite (leiar i kyrkje-og kyrkjgardsutvalet). Sellereite har tatt del på vårdugnad i mange år, og veit kor viktig dette arbeidet er. Vi håpar difor at vi kan få med flest mogleg på ein felles laurdags formiddag på kyrkjegarden 27. april klokka 10. Om du er ung eller gamal – kom å bli med på å gjere kyrkjegarden fin og kjenne på eit eigarskap til å ta vare på denne fine middelaldergrunnen som kyrkjegarden ligg på.

Kyrkjebakken ligg på middelaldergrunn
-Tenk berre på kva som har vore tidlegare her på kyrkjebakken, seier kyrkjeverje Bente Andreassen Pilskog, og fortset. Her ligg grunnen til ein gamal middelalderkyrkjegard og det er funne arkeologiske spor etter bronsealderen nord for kyrkja. Den fyrste kyrkja som vi kjenner til på Hareid var ei stavkyrkje bygd på 12-1300-talet, som brann ned etter eit lynnedslag i 1806, som sto like nordaust for prestestova. –Det er klart at vi må stelle godt med og ta vare på kyrkjegarden vår, og oppmodar dei som kan om å ta del. Ta gjerne med hanskar, ei rive, hekksaks eller trillebår, og gjerne ein ven eller to, så skal vi fordele oppgåver. Saman blir det kjekt og arbeidet går raskare unna. Dugnad kan vere så mangt, det blir både kaffipause, prat og ei matykt.

STAVKYRKJA PÅ HAREID slik ho kan ha sett ut. Illustrasjon: Arnfinn Mork-tordal.

 

Lause gjenstandar
Når snøen er borte og våren er i full gong, er det mykje å gjere på ein kyrkjegard. Private gravfestarar må også bidra å halde orden rundt gravminna. Blomstervasar, dekorgjenstandar og anna utstyr som kan hindre drifta av kyrkjegarden, må ryddast vekk og ikkje leggast bak eller rundt minnesteinar. Då kjem det til hinder når graset skal klippast. Ta heller ubrukte ting med heim. Sjølv om vi utan varsel kan fjerne utstyr, er det best om folk kan gjere dette sjølv, seier kyrkjeverja.

Ver så snill
Ei anna utfordring på kyrkjegarden, er at dei som steller på gravminna til sine kjære, må bli flinkare til å sortere avfallet før dei kastar det i bossdunkane. Vi har merka dunkane med hageavfall, plast eller papir. Det er ikkje få timar vi må bruke på å sortere avfall før vi kan sende søpla vidare. Tenk om kvar enkelt tok ansvar for å sortere, då hadde dei tilsette kunne brukt tida til anna viktig arbeid på kyrkjegarden. Og ser du at noko avfall er hamna på feil plass, er det lov å legge det på rett plass. Bli med på laget, samspel skap resultat - både for miljø og samhald.

Inntil då, ønskjer vi alle ei riktig god påske!

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"