Kyrkjelydshus i Hareid

Hareid sokn fekk for ei tid tilbake tilbod om å ta over Hareid bedehus vederlagsfritt for å bruke det til kyrkjelydshus. Hareid kyrkjelege fellesråd vedtok i 2018 å gå vidare med saka. Rett før sommaren kom godkjenning av reguleringsendringar på plass for tilbygg, då det er ein føresetnad at det skal byggast tilbygg til kontor for dei tilsette. Eit slikt tilbygg må lånefinansierast. No gjenstår det berre nokre formalitetar før signering av overtakingsavtale kan gjerast, og ei formell overtakinga vil vere på plass. Vi håper at mange allereie no vil vere med å bidra økonomisk for oppgradering av huset.

Bli med å bidra til kyrkjelydshus i Hareid.

Vi treng di støtte! Vil du vere med å gi?
Både VIPPS-nr og kontonummer er øyremerka kyrkjelydshus.
Har du lyst til å bidra til at huset oppgraderast og blir eit flott kyrkjelydshus, forsamlingshus og brukshus i sentrum, kan du gi ei gåve ved å nytte enten VIPPS nr. 525936, eller vår innsamlingskonto nr. 3910.61.74494. Alle midlar er kjærkomne og blir øyremerka "Kyrkjelydshus".

Oppgradering vil kome i etappar og vår foreløpige prioritet er slik:
1. Oppgradere kjøkenet
2. Gjere om peisestova til aktivitetsrom for frivilligsentralen vår med eigen inngang.
3. Oppgradere inngangspartiet/gangane.

 

Ei framtid med kyrkjelydshus i sentrum
Hareid bedehus ligg nær kyrkja og sentralt i enden av miljøgata, alt i alt ei god plassering til det aktive, omfattande og førebyggande arbeid som soknet gjer i lokalsamfunnet. Soknet er ein viktig, lokal samfunnsbyggjar, og eit kyrkjelydshus som eit fleirbrukshus blir ein møteplass open for alle – og vil bidra til å skape eit meir levande sentrum. Aktivitetane som allereie er på bedehuset skal sjølvsagt få fortsette, mellom anna KFUK/KFUM som driv speidaren, Ten Sing, samt andre musikk- og korøvingar.
Men det blir også mogleg å leige til ulike arrangement som selskap, konfirmasjon, minnesamvær gravferd, møter, med meire, med tilgjengeleg storkjøkken for dei som ønskjer det. Soknet si overtaking av bygget vil sikre både oppgradering og vedlikehald av bygget som er ein sentral del av sentrum og miljøgata. Ikkje minst vil det vere ein driftsorganisasjon på plass, ved at Hareid sokn aktivt tar huset i bruk gjennom heile året.

Miljøgate & frivilligsentral
Frivilligsentralen har mange aktivitetar som går føre seg i dagens kontorlokaler. Aktivitetane er både på dag- og kveldstid og har lenge hatt behov for meir areal til dette viktige, sosiale entreprenørskap i Hareid. Planen er at peisestova skal omgjerast til areal for Frivilligsentralen og det blir utvilsomt ein positiv gevinst med nærleik til Brukt & Billig- butikken som også drivast av Frivilligsentralen, og som ligg rett over gata.
Grøntarealet rett utanfor peisestova er under oppgradering i høve miljøgata, og blir ein fantastisk fin grøn lunge i sentrum. Her er det allerede komen på plass både beplantning, gapahuk er under bygging og areal for å sette ut sommarmøblar. Alt blir sjølvsagt universelt utforma og tilgjengeleg, og er i regi Hareid kommune si miljøgate.

Å bygge stein for stein
Soknet har eit omfattande tilbod for barn og unge som femnar alle årstrinn frå 0-18 år. Delar av dette arbeidet kan med fordel flyttast til kyrkjelydshuset. Det er utfordrande å utvikle aktivitetar og nye tiltak i kyrkja, men i eit kyrkjelydshus vil ein kunne samle fleire av tiltaka under same tak og kanskje utvide og invitere til nye tiltak. Kyrkja skal sjølvsagt framleis nyttast til aktivitetar i kombinasjon med kyrkjelydshus. No treng vi alle som vil vere med å bygge kyrkjelydshus, og å bidra med å gi gåver.

Saman bidreg vi til at Hareid blir ein endå betre plass å bu, vekse og leve.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"