Sprek initiativtakar til fest på kyrkjelydshuset 22. oktober kl 18.00 "BYGG HAREID MED KJÆRLEIK"

At bygdafolket sett pris på arbeidet som kyrkja gjer på Hareid, er alltid kjekt å få tilbakemelding på. Men at nokon også vil utfordre oss og attpåtil ta initiativ til noko som dei saknar, er ekstra stor stas for oss! Ivar Røyset (90 år) sakna ei fest for vaksne og eldre i bygda og kontakta Hareid sokn om dette kunne ordnast. Pengar hadde han fått ordna med lokalbanken Sparebanken Møre, der han sjølv var banksjef i sitt yrkesaktive liv. Dette synes kyrkjeverja var så imponerande og vakkert, at ein ikkje kunne seie nei til initiativet.

Initiativtakar til ELDREFESTEN, Ivar Røyset, her ilag med kantor Ida Teige (høgre) og kyrkjeverje Bente Andreassen Pilskog (venstre). Foto: Hareid sokn

SØNDAG 22. OKTOBER KL 18.00-20.30 PÅ KYRKJELYDSHUSET
- ein programpost under Hareidsstemna 2023 -

I samspel med kantor Ida Teige, programleiar Sissel Anita Riise og kyrkjeverja Bente Andreassen Pilskog er programmet no på plass, der initiativtakaran sjølv hadde klarert fleire av postane.

Det skal vere ein staseleg fest med både song og musikk og ei god matykt.
Leiv Arne Nydal vil spele fele, Vox Virorum og Barnekantoriet vil synge for oss. Det er også lagt inn fellessongar og ei god matykt med smørbrød, rundekaker, kaffi, brus og lynlodd. Sparebanken Møre tek del og er sponsor for festen, det blir "Ord for dagen" ved sokneprest Lars Hartig-Tangedal, og det vil også vere ei overrasking.

Dette blir ein fest som er ope for alle, med målgruppe vaksne og eldre - med fokus på dei nære ting. Arrangementet leggast t til søndag 22. oktober kl 18.00 slik at det blir ein fin programpost under Hareidsstemneveka 2023. Festen blir sjølvsagt på kyrkjelydshuset i festsalen 2. etg. Det er berre å ha finstasen klar til ein søndagskveld i kjærleikens teikn, for namnet på festen er "BYGG HAREID MED KJÆRLEIK".

Hjarteleg takk til sponsor Sparebanken Møre, initiativtakar Ivar Røyset, aktørar og frivillige!
Vi gleder oss stort, velkomen!

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"