Turistsatsing i Hareid kommune

Hareid kyrkje var ein av aktørane i samhandlingsgruppa i Hareid kommune, i høve det utanlandske besøkjet 27. april som skulle gå opp ei løype for eventuelle framtidige turist/cruisebesøk på Hareid.

Omvisning: Frå generalprøva i forkant av internasjonalt besøk frå cruise-næringa 27.04.2024. Foto: Hareid sokn
Kyrkja vil vere ein del av ein sentrumstur også kalla "village walk". Leidulv Ø. Grimstad og Bjørg Vartdal Hareide fortalte om historia til kyrkjene på Hareid og prestestova som ligger på middelaldergrunn. Dei internasjonale gjestane fekk sjå seg om i kyrkja, og dei som ville fekk også ta ein titt opp i kyrkjetårnet eller inn i prestestova.
 

"Hareid får cruiseskip-besøk

Wow! Amazing! Beautiful! Dette var nokre av dei orda vi høyrte oftast frå cruisegjestane som vitja Hareid førre veke.

Og no er det klart: Hareid kommune får besøk av to cruiseskip i juni 2026. Ordførar Bernt Brandal kunne sleppe nyheita under besøket frå «Famtrip» – den årlege rundturen som Cruise Norway organiserer for cruisereiarlaga og -leverandørane deira.

Kva selskap og kva skip det er snakk om i 2026, er framleis ikkje offentleg. Cruiseoperatørane planlegg sesongane i god tid, og 2025-sesongen er allereie booka. Vi må derfor vente sopass lenge som to år på vårt fyrste besøk.  Men det gir oss også god tid til å førebu oss.

Fredag til laurdag var Hareid kommune siste stoppestad for Fam-trip. Vi var den einaste nye destinasjonen på rundturen. Blant dei andre stoppestadane finn vi kjende turiststadar som Stavanger, Haugesund, Flåm, Eidfjord og Nordfjord. Famtrip-turane er viktige for noverande og komande cruisedestinasjonar for å vise seg fram for dei som skal planlegge cruiseanløp og utfluktar.

Deltakarane på turen var representantar for dei store cruise-reiarlaga, tilsette frå verksemder som organiserer utflukter og internasjonale journalistar. Gjestane var fulle av lovord over kva dei fekk oppleve i kommunen vår - både på dei enkelte sjåverdighetene, men også over mottakinga og kommunen sitt samla engasjement.

Ordførar og høvding

Fredag ettermiddag blei dei møtt på Overåsanden av ordførar Bernt Brandal som hadde følgje av «viking-jarl» Ole Frank Bakken. Her introduserte dei kommunen og kva som venta gjestane og kvifor vi har vald å kalle Hareid for «the Explorers port». Vi har ein lang historie med utferdstrang og oppdagingar – frå vikingtida, via ishavshistoria og fram til i dag.

Etter mottakinga på Overåsanden blei dei teke med til Hodr Hjørungavaag vikingsete som har peika seg ut som ein spydspiss i satsinga vår på reiseliv. Gjengen som står bak vikinghuset hadde gjort ein fantastisk innsats i å gjere klart til besøk. Då gjestane kom ut av bussen blei dei møtt av lukta av sjø, bål og tjære. Lovorda starta allereie då, over byggverket dei stod ovanfor og godorda blei ikkje mindre då kom seg innandørs la merke til detaljar og utskjeringar.

Viking-høvding Bakken fortalte om historia til huset, og kva mål dei hadde med prosjektet. Han la særleg vekt på kor mykje tid og krefter lokalsamfunnet hadde lagt ned i dugnadarbeid. Det blei også servert nydeleg mat av Kokk’n Roll.

Skip med spennande historie

Vidare gjekk turen til Polarstar som frakta cruisefolket til Brandal. Det var ei spennande båttur der dei besøkande fekk fortalt historia til selfangsskuta, og elles fekk sjå Hareid frå sjøsida.

Vel framme i Brandal stod bussen klar til å ta med cruisefølgjet til Kvitneset. Det blei eit høgdepunkt for mange, og fleire måtte «nødast» til å finne tilbake til bussen, fordi dei hadde lyst til å oppdage meir av området.

Tilbake til Ishavsmuseet blei dei geleida inn i Aarvak-bygget. Der venta Cor Sonus som lokka fram både gåsehud og tårer i augekroken, både hos dei lokale og tilreisande.

Både på Aarvak og Polarstar gjorde det inntrykk å sjå føre seg kvar skutene hadde vore og kor røffe forhold det kunne vere på desse turane. At ishavet er røft fekk dei også høyre om under omvisinga på Ishavsmuseet.

Kvelden blei avslutta med nok eit velsmakande måltid frå Kokk’n Roll.

Ville ha meir tid

Fyrst på programmet på laurdagen stod hamneinspeksjon i strålande sol. Både godskaia på Ytre og djupsvasskaia ved Ulmatec vil vere aktuelle for cruiseskipmottaking.

Så bar det til Hareid kyrkje der Leidulv Grimstad og Bjørg Vartdal Hareid fortalte om historia til kyrkjene på Hareid og prestestova.

Etterpå var det «village walk» i Kjøpmannsgata. Der hadde butikkar og andre flytta ut i gata for å lage liv. Både kanelbollar frå Mjøl og Meir og sveler frå aktivitetssenteret til bu og habilitering blei teke godt i mot. Også her i Kjøpmannsgata skulle dei tilreisande ønske dei hadde meir tid til å sjå seg om.

Turen blei avslutta på Tusenårsplassen – som no er så å seie ferdig opprusta – med eit ønske om snarleg gjensyn."

Eller les direkte på Hareid kommune si heimeside, inklusiv bileter og film.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"