I år går TV-aksjonen til Barnekreftforeningen. Kvart år gjer kyrkjene over heile landet ein fantastisk innsats for NRK TV-aksjonen. I år feirar TV-aksjonen 50 år, og i løpet av desse åra har de bidratt til at millionar av menneske har fått støtte og hjelp. Kollekta i Hareid kyrkje søndag 20. oktober går sjølvsagt til årets TV-aksjon til støtte for Barnekreftforeningen.
Årets TV-aksjon går til Barnekreftforeningen, som skal etablere familiehus ved universitetssjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo. Når eit barn blir alvorleg sjukt, rammes heile familien. I familiehusa kan barn med alvorleg sjukdom og familiane deira bu saman medan barnet er under behandling. På den måten blir sysken også tatt vare på, og familien kan skape gode stunder i ei vanskeleg tid.
TV-aksjonen er verdas største innsamlingsaksjon. På aksjonsdagen 20. oktober banker 100 000 bøsseberarar på 2,5 millionar dører over heile landet.
Bli med å støtt Barnekreftforeninga under TV-aksjonen søndag 20. oktober 2024.
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.