Annette er opprinneleg frå Ålesund, men har budd på Hjørungavåg i 14 år. Ho har to vaksne gutar på 21 og 24 år. Ved sidan av jobb går tida til musikk, turar, lesing og handarbeid. Ho beskriv seg sjølv som ein engasjert, omgjengeleg og løysningsorientert person med humor og er ikkje redd for å by på seg sjølv.
-Eg gleder meg til å begynne, å få bli betre kjend med arbeidet til kyrkja og samarbeide med både stab og frivillige. Eg ønskjer å bidra inn med mi kompetanse og tenkjer at det inkluderande tilbodet kyrkja i Hareid har for menneske i alle aldrar her i soknet, er unikt.
Stillinga som kontormedarbeidar er ein nøkkelrolle i staben på kyrkjekontoret, og ho startar i stillinga 5. november. Vi ønskjer velkomen og gleder oss til å bli betre kjent med Annette og få ho med på laget i kyrkjelyden vår. Ta ho vel imot!